Hopp til innhald

Fagstoff

Marx om klassar, forskjellar og framandgjering

Lever vi i eit klassesamfunn? Teoriar om klassar har røtene sine i Karl Marx sine analysar av kapitalismen. I ei globalisert verd med aukande forskjellar har Marx sin analyse og kritikk av klassesamfunnet fått fornya aktualitet.
Portrett i svart-kvitt av Karl Marx. Han har ein stor bart og mykje skjegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Er samfunnet ein harmonisk fellesskap der ulike grupper jobbar saman for det beste for alle, eller består samfunnet av ulike grupper med ulike interesser som kjempar mot kvarandre?

Den tyske filosofen Karl Marx hadde eit konfliktteoretisk perspektiv på samfunnet. Han meinte at det kapitalistiske samfunnet var prega av store økonomiske forskjellar og ein klasse som undertrykkjer den andre.

Arbeid og klassekamp

Ifølgje Marx er mennesket eit grunnleggjande sosialt og skapande vesen. Det som skil mennesket frå dyra, er at vi gjennom arbeid utrykkjer oss sjølv og forandrar omgivnadene våre saman med andre. Vi realiserer evnene våre ved å skape noko utanfor oss sjølv – ein reiskap, eit hus eller eit bilete – og bidreg på denne måten til å forme det samfunnet vi er ein del av.

Dei konkrete ressursane vi bruker når vi produserer varer og tenester, kallar Marx produksjonsmiddel. I eit jordbrukssamfunn er til dømes jord, husdyr og reiskapar produksjonsmiddel, mens det i industrisamfunnet er fabrikkar, maskinar og råvarer. Når ei gruppe i samfunnet får makt og kontroll over produksjonsmidla, oppstår det ulike klassar. I jordbrukssamfunnet har du til dømes ein klasse som eig jord, og ein klasse arbeidarar eller slavar utan jord.

Ifølgje Marx har det gjennom heile historia vore ein kamp mellom den klassen som eig produksjonsmidla, og den klassen som ikkje gjer det. I antikken stod kampen mellom landeigarar og slavar, i mellomalderen mellom adelen og leiglendingar og under kapitalismen, på Marx si eiga tid, mellom kapitaleigarane og arbeidarklassen.

Ein fotballspelar er i ferd med å sparke ein ball. Foto.

Det kapitalistiske klassesamfunnet

Marx var spesielt oppteken av den industrielle kapitalismen på 1800-talet. Kapitalisme er eit økonomisk system. Det er basert på privat eigedomsrett og ei arbeidsdeling mellom to ulike klassar, ifølgje Marx. På den eine sida har du kapitaleigarane, eller borgarskapen, som eig produksjonsmiddel som bedrifter og råvarer. På den andre sida har du arbeidarklassen, eller proletariatet som Marx kallar dei. Dei manglar eigedom og må derfor jobbe som lønnsarbeidarar for å overleve.

Framandgjering

Ifølgje Marx er det eit historisk framsteg at lønnsarbeidarane under kapitalismen har ein viss fridom til å bestemme over sitt eige liv. Samtidig er lønnsarbeidarane underlagde ein stor grad av tvang. Marx hevdar at industriarbeidarane ikkje har noko anna val ein å ta det arbeidet og den lønna bedriftseigaren tilbyr dei. I bedrifta vil dei tene akkurat nok til å overleve. Dei verdiane og det overskotet dei er med på å skape for bedrifta, går til eigarane og ikkje til dei sjølv. Det er derfor ein illusjon å tru at arbeidarane under kapitalismen verkeleg er frie.

Makta og undertrykkinga til bedriftseigarane handlar ikkje berre om at arbeidarane blir utnytta økonomisk, men òg om at dei blir skilde frå det dei produserer. Arbeidarane blir framandgjorde, og arbeidet mister den grunnleggjande betydninga si som ein skapande og sosial aktivitet.

  • Arbeidarane blir framandgjorde frå produktet dei er med på å lage. Det arbeidarane skaper, er ikkje lenger deira eige, men eigedommen til nokon andre.

  • Arbeidarane blir framandgjorde frå produksjonsprosessen. Arbeidarane har ikkje makt over sin eigen arbeidsdag eller moglegheit til å bestemme kva dei skal lage, eller korleis dei skal gjere det.

  • Arbeidarane blir framandgjorde frå dei kreative og skapande evnene sine. Arbeidet blir berre eit middel for å dekkje det naudsynte behovet til arbeidaren og mister meininga si som ein grunnleggjande skapande og kreativ aktivitet.

  • Arbeidarane blir framandgjorde frå kvarandre. Trusselen om å bli erstatta av dei arbeidslause heng heile tida over arbeidarane, og i staden for å vere sosiale blir dei heile tida tvinga til å jobbe hardare i konkurranse med kvarandre.

Det er ikkje berre arbeidarane som er framandgjorde under kapitalismen, men også borgarskapet. Bedriftseigarane blir tvinga til å heile tida arbeide hardare for å kutte kostnader og auke overskotet sitt for å overleve konkurransen med andre bedrifter. På denne måten blir dei tvinga til å vie all tida si og alle kreftene sine i eit endelaust jag etter å tene meir pengar.

Marx om utbytting og meirverdi

To viktige omgrep for Marx er meirverdi og utbytting.

Når ein arbeidar i ein fabrikk omarbeider ei råvare, aukar verdien. I ein møbelfabrikk vil til dømes eit ferdig møbel ha langt høgare verdi enn råvarene som blei brukte. Men ifølgje Marx er den verdiauken som arbeidaren skaper, større enn det han eller ho får tilbake i lønn. Forskjellen mellom den verdiauken som arbeidaren gjennom arbeidet sitt tilfører råvara, og lønna for arbeidet kallar Marx meirverdi.

Den meirverdien som arbeidarane skaper ved å til dømes arbeide i ei bedrift, går til bedriftseigaren. Det er bedriftseigaren som sit igjen med overskotet av produksjonen. Ifølgje Marx er det eigentleg arbeidarane som har skapt dette overskotet ved hjelp av arbeidet sitt. Sidan arbeidarane ikkje får igjen det dei har bidrege med, blir dei utnytta. Denne forma for utnytting kallar Marx utbytting.

Ei jente ser på klede i ein klesbutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klassemedvit

Ifølgje Marx har den herskande klassen ikkje berre makt over arbeidarane, men òg over politikken, kulturen, tankane og ideane i samfunnet. Dei bruker denne makta til å forme alle institusjonane i samfunnet slik at dei tener deira eigne interesser. Media vil til dømes gjere arbeidarane til passive konsumentar som jobbar hardt for å kjøpe forbruksvarer. Kyrkja og religionen vil få fattige arbeidarar til å akseptere økonomiske forskjellar og drøyme om lønn i eit liv etter døden.

Ifølgje Marx er tankane til den herskande klassen dei herskande tankane. Kva meinte han med det?

For å verne makta og privilegia sine vil borgarskapen hevde at alle er i same båt, og nekte for at det finst ulike klassar med ulike interesser. For at arbeidarane skal kunne forandre samfunnet og få det betre, må dei ifølgje Marx først gjennomskode propagandaen til borgarskapen. Arbeidarane må innsjå at dei høyrer til ein felles, undertrykt klasse. Denne subjektive forståinga av sin eigen posisjon blir kalla klassemedvit.

Kritikken av Marx

Marx har hatt stor innverknad på samfunnsvitskapen, men teorien hans om klassar har òg blitt utsett for mykje kritikk. For det første hevdar Marx at kapitalismen vil føre til at arbeidarane får det verre og verre. Kritikarane hevdar derfor at han ikkje føresåg den velstandsauken arbeidarane har opplevd dei siste 150 åra.

For det andre hevdar Marx at staten berre tener interessene til kapitaleigarane. Kritikarane av Marx hevdar likevel at staten er meir uavhengig og har blitt brukt til å gi arbeidarane auka sosiale og økonomiske rettar – noko velferdsstaten er eit døme på.

For det tredje har Marx blitt kritisert fordi oppdelinga hans av samfunnet i to klassar er for enkel. Marx skil til ein viss grad sjølv mellom ulike delar av arbeidarklassen og borgarskapen, men kritikarane hevdar at ein må trekkje inn fleire faktorar enn eigedomsforhold for å forstå samfunnet i dag. I dag er ikkje klassemedvit like viktig for identiteten til arbeidarane, og for å forstå sosiale forskjellar må ein ta med faktorar som til dømes kjønn og etnisitet.


Kjelder

Dillon, M. (2014). Introduction to sociological theory. Wiley Blackwell.

Giddens, A. & Sutton, P. W. (2017). Sociology (8. utg.). Cambridge: Polity Press.

Korsnes, O., Andersen, H. & Brante, T. (Red.). (1997). Sosiologisk leksikon. Universitetsforlaget.

Marx, K. (2000). Det kommunistiske manifest. De norske bokklubbene.

Schiefloe, P. M. (2019). Mennesker og samfunn (3. utg.). Vigmostad & Bjørke.

Østerberg, D. (2003). Sosiologiens nøkkelbegreper og deres opprinnelse. Cappelen.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021

Læringsressursar

Lagdeling, klassar og sosial ulikskap