Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis presenterer du deg på sosiale medium?

Kor mykje deler du på sosiale medium? Er innlegga dine nære og private, eller legg du ut glansbilete av livet ditt? Mange vel å ha både opne og lukka profilar og vekslar mellom ulike roller på sosiale medium.
Jente med rosa kjole og hjarte som fell ned over ho. Ho held ei stor raud snakkeboble med eit hjarte og talet 1. Foto.

Tenk over

  • Korleis presenterer du seg sjølv på Instagram?
  • Kva og kor mykje deler du?
  • Vil du vise fram ein perfekt fasade, eller går du for personlege innlegg utan filter?

1. Opne og lukka profilar på Instagram

Det er stadig meir vanleg å ha fleire profilar på Instagram. Mange brukar opne Instagram-profilar som eit utstillingsvindauge. Med nøye utvalde og redigerte bilete er målet å få flest mogleg likes. På dei lukka, private profilane blir ei anna side av livet vist. Her blir det gjerne lagt ut andre typar bilete som berre dei næraste har tilgang til.

A. Les denne saka

Relatert innhald

B. Svar på desse spørsmåla

  1. Kvifor bestemde Kiara Jula seg for å lage ein privat profil på Instagram?
  2. Dersom Juni Torridal måtte slette éin av sine to profilar, ville ho behalde den opne kontoen sin. Kva er årsaka til det?
  3. Kva er forskjellane mellom dei ulike profilane til Juni Torridal?
  4. My Duong meiner at kule og redigerte Instagram-bilete gir fleire følgjarar og auka sosial status. Kva tenkjer du om dette?
  5. Har du fleire profilar på Instagram? Kvifor/kvifor ikkje har du (ikkje) det?

2. Sosiale medium som scene

Teatermasker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På sosiale medium vekslar vi gjerne mellom ulike roller. Sosiologen Erving Goffman er kjend for rolleteorien sin der han beskriv korleis vi isceneset våre eigne liv. Les gjennom artikkelen "Sosiale medium som scene" som du finn lengst nede på denne sida.

A. Diskuter desse spørsmåla i små grupper, vis til konkrete eksempel

  1. Kva og kor mykje deler de på sosiale medium?
  2. Korleis vekslar de mellom mellom ulike roller på sosiale medium?
  3. Mange ungdommar har eit behov for å framstille ein perfekt fasade på sosiale medium. Kva konsekvensar kan det få?
  4. Det er stadig meir vanleg å ha ha både lukka og opne profilar på sosiale medium. Kva tenkjer de om denne utviklinga?

B. Samanfatt arbeidet

Samanfatt diskusjonane de har hatt i gruppa, og del med resten av klassen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2020

Læringsressursar

Mediebruk og mediedeltaking