Nettvett og digital dømmekraft - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Nettvett og digital dømmekraft

Nettvett handlar om fornuftig åtferd på internett. God digital dømmekraft kan bidra til ein trygg digital kvardag. I denne oppgåva skal du setje deg inn i nettvettreglane.

Kva er nettvett?

Nettvett handlar om fornuftig åtferd på internett. Som ung mediebrukar er det viktig at du utviklar kritisk medieforståing og gode strategiar for nettbruk. Det kan gi deg ein tryggare og betre digital kvardag.

Nettvettreglar

Nettvettreglane kan hjelpe deg til ein tryggare digital kvardag. Det finst fleire ulike råd og reglar for nettvett. Mellom anna har nettstadene nettvett.no og reddbarna.no utvikla nettvettreglar, og politiet òg gir råd om sikker og trygg nettbruk.

Digital dømmekraft

Sjå videoen: Du bestemmer på YouTube: "Hva er digital dømmekraft?".

For å kunne bruke internett på ein god og sikker måte treng du digital dømmekraft. Med god digital dømmekraft kan du ta medvitne val. Det kan bidra til ein trygg og sikker nettbruk. Digital dømmekraft handlar mellom anna om nettvett, personvern og kjeldekritikk.

Med god kunnskap kan man forebygge og hjelpe barn til en trygg og god digital hverdag. reddbarna.no

A. Vel mellom oppgåve 1 eller 2

1. Set deg inn nettvettreglane, og lag ein digital presentasjon

  • Set deg først inn i nettvettreglane på nettvett.no og nettvettrelgane på reddbarna.no.
  • Lag så ein presentasjon der du legg fram nettvettreglane til anten nettvett.no eller reddbarna.no.
  • Til denne presentasjonen kan du bruke eit digitalt presentasjonsverktøy som til dømes PowerPoint eller Google Slides.
  • Finn relevante bilete, og vis til konkrete eksempel i dei ulike lysarka.
  • Kommunikasjonen må vere tydeleg, innhaldet i nettvettreglane skal kome fram på ein klar og tydeleg måte.
  • Hald presentasjonen for personen som sit ved sida av deg, gi kvarandre konstruktive tilbakemeldingar

2. Set deg inn i nettvettreglane, og presenter med Snapchat

  • Set deg først inn i nettvettreglane på nettvett.no og nettvettrelgane på reddbarna.no.
  • I denne oppgåva skal du presentere nettvettreglane ved hjelp av Snapchat-formatet. Her skal du ta for deg nettvettreglane til anten nettvett.no eller reddbarna.no.
  • Ta i bruk Snapchat-formatet til produksjonen, lag ein snap for kvar av nettvettreglane.
  • Lag snappar der du bruker verkemiddel frå Snapchat-formatet, som tekst, bilete, farge, kontrastar, filter og emojiar.
  • Kommunikasjonen må vere tydeleg, innhaldet i dei ulike nettvettreglane skal kome fram på ein klar og tydeleg måte.
  • Presenter snapane for personen som sit ved sida av deg, gi kvarandre konstruktive tilbakemeldingar.

B. Refleksjon i grupper

Reflekter rundt desse spørsmåla

  • Kva er forskjellane og likskapane på nettvettreglane på nettvett.no og reddbarna.no?
  • Kven er målgruppa for dei ulike nettvettreglane?
  • Kva nettvettreglar synest du er mest nyttig for deg – reglane frå nettvett.no eller redd barna.no? Grunngi svaret ditt.
  • Kvifor er det viktig å utarbeide råd og reglar for nettvett?

Kjelder

Dubestemmer.no. (u.å.). Her kan du lære om personvern, nettvett og digital dømmekraft. Henta 19.06.20 frå https://www.dubestemmer.no/

Nettvett.no. (2019, 29. desember). Nettvettreglene. https://nettvett.no/nettvettreglene

Redd barna. (u.å.). Redd Barnas nettvettregler. Henta 19.06.20 frå https://www.reddbarna.no/vaart-arbeid/barn-i-norge/nettvett/materiell-og-aktiviteter/aktiviteter/nettvettregler

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2020