Oppgave
Case: Etikk i kommunikasjonsarbeid
Bedriften er på randa av konkurs, men i dag har du og styret hatt møte med investor X som vil spytte inn ny kapital i bedrifta. Vilkåret er at dette blir halde hemmeleg i ei veke.
Du er kommunikasjonsansvarleg i hjørnesteinsbedrifta i lokalsamfunnet. De er på randa av konkurs, men i dag har du og styret hatt møte med investor X som vil spytte inn ny kapital i bedrifta. Vilkåret er at dette blir halde hemmeleg i ei veke. De går for tilbodet.
Kva svarar du journalisten som ringer etter møtet og spør: «Har de hatt møte med investor X?»
- Jobb saman i grupper på to eller tre eller bruk samtavla til case'et.
- Trekk inn dei etiske retningane pliktetikk og konsekvensetikk.
- Identifiser kven kommunikasjonsrådgjevaren har forpliktingar overfor.
- Presenter ulike moglege handlemåtar, og grunngi desse ut frå profesjonsetiske prinsipp i kommunikasjonsbransjen og bransjenormer om samfunnsansvar.
- Lag ei oppsummering og avtal levering med lærar.