Hopp til innhald

Fagstoff

Medier og identitetsdanning

Identiteten vår er det bildet eller den oppfatninga vi har av oss sjølv. Identiteten oppstår i samspel med andre menneske. I mange samfunn er identiteten til ein person bestemt av kva gruppe eller familie ein tilhøyrer.
Jente som held ein dataskjerm framforansiktet. På skjermen ser vi eit jenteansikt, kanskje ein retusjert versjon av ansiktet til jenta som held skjermen. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I samfunn der individet står i sentrum, kan vi i større grad setje i scene vår eigen identitet, mellom anna gjennom sosiale medium.

Førestillinga om kven vi er og korleis vi ser på oss sjølv, har forandra seg gjennom historia. Idéhistorikarar seier at ideen om at kvart menneske er eit unikt individ, oppstod på 1400-talet, i perioden vi kallar renessansen. Før renessansen såg ein på seg sjølv som medlem av ein klasse: Bonden Knut var først og fremst bonde, og deretter Knut.

Å skrive seg sjølv

Den franske filosofen Michel Foucault introduserte omgrepet l'écriture de soi, «å skrive seg sjølv» eller «self writing». Han viser til korleis det har vore ulike praksisar gjennom historia for korleis menneske skriv for å finne seg sjølv. I antikken skreiv ein lange filosofiske brev til nære venner eller familiemedlemmer. Også dagboka har i lang tid blitt brukt til å reflektere over kven ein er. Mange ser no på bloggar, og til dels nettsamfunn, som ein moderne variant av ein slik tradisjon og som ein måte å bruke desse media på. Vi har alltid lurt på kven vi er, og no har vi òg fått høve til å bruke dei sosiale media som eit verktøy til å definere oss som menneske.

Roller og rolleforventningar

Identitet ikkje berre er noko vi har, men også noko som vi speler. Vi er så vande til å tenkje at vi skal vere oss sjølv, men vi speler og framfører òg rolla som oss sjølv. For å forstå kva dette vil seie, kan vi sjå på korleis vi kommuniserer med ulike menneske. Måten vi snakkar til bestemor på, skil seg frå korleis vi snakkar til venner, til kjærasten eller til ein framand på bussen. Vi har alle kjensla av å vere éin person, men identiteten vår består av mange sider. Dei ulike sidene tar vi fram til ulike tider og i ulike samanhengar.

Menneske er sosiale og har behov for å knyte seg til andre. I møtet med andre oppstår det òg eit behov for å vise kven vi er. Det handlar ofte om å signalisere kven vi vil vere lik, og kven vi vil vere saman med. Alle ønskjer å vere unike, men samtidig har vi eit like stort behov for å seie kva vi har til felles med dei andre.

CC BY-SASkrive av Marte Lindstad Næss og Marion Federl. Rettshavar: Amendor
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Læringsressursar

Mediebruk og mediedeltaking