Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis kjempe mot mobbing på TikTok?

Embret Haldammen lever med ein sjukdom som gjer at han ser annleis ut. På det sosiale mediet TikTok vart han grovt hetsa, men slo tilbake mot mobbarane. I denne oppgåva skal du setje deg inn i korleis ein kan kjempe mot netthets.

1. Sett deg inn i historia til Embret

2. Svar på spørsmåla

  • Korleis klarte Embret å snu TikTok-hetsen til noko positivt?
  • Kor viktig er det at Embret står opp mot mobbarane på denne måten?
  • Kva gjer du viss du ser hatkommentarar på TikTok og andre sosiale medium?
  • Kva ansvar har du og andre TikTok-brukarar når det gjeld å kjempe mot netthets?

"Mange som hetset var i 8-årsalderen. Her må foreldre på banen å vurdere om barna skal få lov til å laste ned appen." (Haldammen, 2020)

Embret sin bodskap til personar som blir utsette for netthets:

Oppsummerte råd fra videoen
  • Mobbarar er eigentleg berre ute etter å få ein reaksjon frå deg, det viktigaste ein kan gjere, er å ikkje gi dei den reaksjonen.

  • Folka som mobbar, er usikre på seg sjølve, og kanskje har dei det ikkje så greitt.

  • Hald deg til dei folka som du er glad i, og som du veit er glad i deg.

  • Det er viktig å ha folk å snakke med, det verste du kan gjere, er å halde det for deg sjølv.

3. Andre TikTok-arar slår tilbake mot hetsarar

Sjå videoen til musikaren Ida C.:

4. Svar på spørsmåla

  • På kva måte blir du påverka av denne videoen?
  • Ida C. har svært mange følgjarar på TikTok. Kva påverknadskraft har ho med innlegg som dette?
  • TikTok-appen har 13 års aldersgrense, likevel er mange av brukarane heilt nede i 8-årsalderen. Kva tenkjer du om det?
  • Kvifor er det viktig å setje fokus på digital tryggleik og medviten mediebruk mellom barn og unge?

Kjelde

Bremer, H. (2020, 3. mai). Grovt hetset – slik slo han tilbake. VG. Henta 29.05.20 frå https://www.vg.no/spesial/c/stories/vbv6wr?utm_source=vgfront&utm_content=row-28

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020

Læringsressursar

Mediebruk og mediedeltaking