Introduksjon
CC BY-SA 4.0Eit godt klassemiljø er noko du skaper saman med læraren og dei andre elevane i klassen.
I arbeidet med læringsstien får du
- reflektere over kva som kjenneteiknar eit godt og dårleg klassemiljø
- Øve deg på å bli betre kjent med klassekameratane
- Kjennskap til normer og verdiar som bidreg til eit godt klassemiljø
- reflektere over korleis du og dei andre i klassen kan unngå mobbing
- bli samde med dei andre i klassen om eit sett med felles reglar
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i alle fag, men nokre artiklar og oppgåver passar spesielt godt i kroppsøving, samfunnskunnskap, norsk og mediefag.