Korleis kan du forhindre digital mobbing?
Nettmobbing handlar om å true, trakassere, krenkje og om å bli halde utanfor. Nettmobbing kan gå føre seg i mange ulike former. Eit eksempel kan vere å sende sårande eller stygge meldingar og bilete direkte til ein person eller spreie det slik at mange kan sjå det. At mange kan sjå det som blir lagt ut på nett, er ekstra vanskeleg for personen som blir mobba.
Har du vorte utsett for nettmobbing, eller har du sjølv mobba andre på nett? Det er skadeleg og ulovleg å krenkje andre på nett. Grove, hatefulle eller diskriminerande digitale ytringar kan straffast med bøter eller fengsel.
§ 185. Straffeloven. Hatefulle ytringer
Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølging eller ringeakt overfor noen på grunn av deres
- hudfarge eller nasjonale eller etniske opphav,
- religion eller livssyn,
- homofil orientering, eller
- nedsatte funksjonsevne.
Gå saman i grupper på fire. Diskuter desse spørsmåla i gruppa:
- Er digital mobbing ei utfordring i kvardagen din? På kva måte?
- Mobbing og hetsing på nett kan gå føre seg i mange former, kva for nokre?
- Korleis kan nettmobbing påverke livet til ungdommar?
- Kva kan du gjere for å forhindre netthets og bidra til ein tryggare digital kvardag?
- Kvifor er det viktig at unge mediebrukarar engasjerer seg i kampen mot nettmobbing?
Samanfatt diskusjonane de har hatt i gruppa. Skriv to moment for kvart av punkta nedanfor, og del med klassen etterpå:
- Kva kan du gjere?
- Kva kan andre gjere?
- Kva kan skulen/lærarar gjere?