Eigenvurdering for emnet mediebruk og mediedeltaking
Her kan du sjekke kunnskapane dine om emnet mediebruk og mediedeltaking. Kva har du fått med deg?
Kva kan du?
- Eg kan beskrive og reflektere over min eigen mediebruk.
- Eg har lese undersøkingar og har innsikt i kor mykje ungdom bruker media.
- Eg kan diskutere mi eiga rolle som mediedeltakar.
- Eg kan forklare omgrepa nettvett og kan gi døme på nettvett.
- Eg kan forklare kva vi meiner med digital dømmekraft.
- Eg kjenner til strategiar for å utøve digital dømmekraft.
- Eg veit at det er skadeleg og ulovleg å krenkje andre på nett.
- Eg veit kva tenester som gir råd og hjelp med å handtere krenkjande opplevingar på nett.
- Eg kan forklare omgrepa "frontstage" og "backstage" i ein mediefagleg samanheng.
Kan du forklare fagomgrepa?
Identitet | Nettvett | Digital dømmekraft | Digital mobbing |
Sosiale medium | Medieundersøking | Medievanar | Frontstage og backstage |
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2020