Hopp til innhald
Fagartikkel

Media dekkjer mange behov

Sosiale medium utgjer ein stor del av mediebruken blant unge. Kvifor er det slik, og kva blir sosiale medium brukte til? Og korleis framstiller unge seg sjølv i desse media? Det er noko av det vi skal sjå nærare på her.

Fire viktige behov

«Teknologien forandrar seg raskt. Menneske forandrar seg mykje saktare» (Ida Aalen, 2015). Vi menneske har mange ulike behov, og vi må kommunisere med andre for at desse behova skal bli dekte. I 1987 laga medievitaren Denis McQuail ei liste over kva som motiverer oss til å bruke ulike medium:

  • Informasjon: Vi ønskjer å halde oss oppdaterte på kva som skjer, og vi vil ha råd i praktiske spørsmål.
  • Sosialt fellesskap: Vi ønskjer å vere ein del av eit fellesskap, identifisere oss med andre og kjenne at vi høyrer til.
  • Personleg identitet: Vi ønskjer å få auka sjølvinnsikt og finne rollemodellar, gjerne ved å identifisere oss med kjende personar.
  • Underhaldning: Vi liker å bli underhaldne, slappe av, komme bort frå kravet og maset i kvardagen og nyte ting vi liker.

Til refleksjon

Unge er storforbrukarar av sosiale medium. Kva for behov er det dei sosiale media dekkjer? Er det behovet for informasjon, for sosialt fellesskap, for personleg identitet, eller er det behovet for underhaldning?

Diskuter med ein medelev: Kva behov meiner de at dykkar eigen bruk av sosiale medium dekkjer? Kva for nokre av desse behova er viktigast for ungdom i aldersgruppa dykkar?

Relasjonsbygging i sosiale medium

Medievitar Ida Aalen har sett nærare på korleis vi bruker sosiale medium. Ho har komme fram til at sosiale medium eignar seg utmerkt til det ho kallar for «sosial stelling», eller «social grooming» på fagspråket. Det vil seie at vi kikkar på profilane til andre og kommenterer på sosiale medium for å pleie forholda våre til andre menneske. Forholda eller relasjonane blir styrkte av at denne merksemda òg er synleg for fleire enn dei vi faktisk kommuniserer med.

Du har sikkert òg sjølv lagt ut ytringar som «mediefag klokka 8 om morran er for tidleg», «gratulerer med dagen» eller «i dag er det jammen varmt på hytta». Eller kanskje har du delt oppdateringar og bilde som viser deg saman med andre venner og kjende. Alle slike ytringar er med på å styrkje relasjonane, også til personar som er langt borte. Særleg unge jenter bruker mykje tid på å pleie relasjonar. Ein kan undre seg over kvifor gutane ikkje gjer det i like stor grad.

Unge i tenåra er i ein fase av livet der ein er oppteken av kva andre synest om ein. Viss du tenkjer tilbake til tida på ungdomsskulen, hugsar du sikkert kven som var den mest populære jenta eller guten på skulen. Slik har det nok alltid vore, men i dei sosiale media blir dette endå meir synleg. Det kan kanskje forklare kvifor ungdommar bruker så mykje tid på å vise kor populære dei er: Det handlar meir om kva fase i livet dei er i, enn om at ungdommar no til dags er så spesielle. Og som Ida Aalen seier: «Vi har behov for å føle at vi har ein verdi, vi vil kjenne oss aksepterte og inkluderte. Vi vil at folk skal like oss – og framstiller oss sjølv deretter» (Aalen, 2015, s. 55).

Relatert innhald

Kjelde

Aalen, I. (2015). Sosiale medier. Oslo: Fagbokforlaget.