Oppgåve
Agent i eigen mediekvardag
Korleis skal du ta kontroll over din eigen mediekvardag? Reflekter over kva tankar og kjensler som styrer mediebruken din, og diskuter det med klassekameratane dine.
Å vere agent i eigen mediekvardag vil seie at du aktivt tek over styringa av media i livet ditt. Dersom du opplever at sosiale medium skaper stress og press og til dømes går ut over skule og søvn, kan du gjere noko med det.
I desse oppgåvene får du nokre forslag til korleis du kan ta kontroll over din eigen mediebruk. Du skal først reflektere over korleis du ta over kontrollen i livet ditt og deretter diskutere forslaga med klassekameratane dine.
Gå saman i grupper, og diskuter forslaga de kom fram til i den førre oppgåva.
- Kvifor er det viktig å snakke saman om press og stress på sosiale medium?
- Kva tankar og kjensler styrer mediekvardagen deira?
- Kva innlegg skaper positive kjensler? Gi eksempel.
- Kva innlegg skaper negative kjensler? Gi eksempel.
- Korleis reagerer de vanlegvis på det andre legg ut?
- Kva er dei viktigaste grunnane til at de postar noko sjølv?
- Korleis kan de på best mogleg måte ta kontroll over mediekvardagen dykkar? Forsøk å kome fram til eit par forslag som alle er samde om.