Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nudes på avvegar

Intime bilete som hamnar på avvegar får store konsekvensar for dei det gjeld. Visste du at det er straffbart å dele nakenbilete på nett? Mange kjenner ikkje lovverket og veit ikkje kvar grensene går.

1. Er det delbart?

I filmen over treffer vi Kaisa som opplever at nakenbilete av ho blir spreidde på nettet.

Individuelt arbeid – sjå filmen og svar på desse spørsmåla:

  • Korleis blir bileta av Kaisa spreidde?
  • Kva for eit sosialt medium blir bileta spreidde via?
  • Korleis opplever ho situasjonen ho har hamna i?
  • Kva gjer ho for å få hjelp?
  • Kva ville du ha gjort om du opplevde det same som Kaisa?

2. NRK-serien Nudes, episode 4:

Kva kan skje når nakenbilete kjem på avvegar? Russepresidenten Viktor blir skulda for spreiing av barneporno.

Individuelt arbeid – sjå filmen og svar på desse spørsmåla:

  • Kvifor blir Viktor skulda for spreiing av barneporno?
  • På kva for eit sosialt medium blir videoen delt?
  • Korleis opplever Viktor situasjonen han har hamna i?
  • Kva konsekvensar kan dette få for Viktor?
  • Var det riktig av Miriam å melde saka? Grunngi.
  • Korleis kan du bidra i kampen mot spreiing av nakenbilete på nett?

Det er lett å miste kontrollen over et bilde som er delt. Nakenbilder og sexvideoer som deles på nett, er vanskelige å få fjernet. Det å vite at et nakenbilde av deg selv spres på nettet, er en tung belastning.

Politiet

Spreiing av intime bilete

Spreiing av intime bilete får store konsekvensar for dei det gjeld. Mange kjenner ikkje lovverket og veit ikkje kvar grensene går. Spreiing av nakenbilete er straffbart.

Straffelova seier dette om nakenbilete:

  • Det er ulovleg å sende nakenbilete til nokon som ikkje har samtykt.
  • Det er ulovleg å ta, ha og dele nakenbilete av personar under 18 år.
  • Seksualiserte bilete skal uansett ikkje sendast til barn under 16 år.

Kva gjer du om eit nakenbilete av deg hamnar på avvegar?

Ung kvinne med berbar datamaskin i fanget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du opplevd at intime bilete har komme på avvegar? Få hjelp til å gjere noko med det.

Sei det til ein vaksen du stoler på, eller ta kontakt med politiet. For å hindre vidare spreiing er det viktig at du handlar raskt.

Det finst òg tenester som kan gi deg råd og hjelpe deg. Sjekk til dømes slettmeg.no og ung.no.

Kjelde

Politiet (u.å.). Delbart? Henta 10. juni 2020 frå https://www.politiet.no/rad/trygg-nettbruk/delbart/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2020

Læringsressursar

Mediebruk og mediedeltaking