Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Suksess med marknadsføring?

I denne oppgåva skal de lage ein presentasjon om éi eller fleire bedrifter som de meiner lykkast med marknadsføring. Kanskje praksisbedrifta er god på marknadsføring?
Symbol for marknadsføring på internett. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Kva kjenneteiknar god marknadsføring?

  2. Gjer greie for kva vi meiner med intern, ekstern og interaktiv marknadsføring, og korleis vi kan sjå dette i samanheng.

  3. Gjer greie for rolla til servicemedarbeidaren i intern, ekstern og interaktiv marknadsføring.

  4. Vel ut éi til tre bedrifter som de meiner lykkast med marknadsføring. Kanskje de meiner at praksisbedrifta er god på marknadsføring? Grunngi valet av bedrifter og gjer greie for korleis de meiner at bedriftene lykkast med marknadsføring. Få fram samanhengen mellom intern, ekstern og interaktiv marknadsføring, og rolla til servicemedarbeidaren i dette. Lag ein presentasjon og legg han fram for klassen.

Forslag til korleis de kan arbeide med oppgåva
  • Jobb gjerne i par eller i grupper.

  • Presenter for klassen.

  • Ha ein felles diskusjon i klassen om kva som kjenneteiknar bedrifter som lykkast med marknadsføring.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2021

Læringsressursar

Marknadsføring