Hopp til innhald

Fagstoff

Intern, interaktiv og ekstern marknadsføring

Det finst fleire typar marknadsføring, og desse må sjåast i samanheng. Vi snakkar om intern, interaktiv og ekstern marknadsføring. Kva meiner vi med desse omgrepa?
Ein trekant-modell som illustrerer ekstern, intern og interaktiv marknadsføring.
I det øvste hjørnet av trekanten står det "verksemd". I det høgre hjørnet nedst står det "personale". I det venstre hjørnet nedst står det "kundar".
Langs den høgre sida av trekanten, frå verksemda til personalet, står det "intern marknadsføring". Langs den nedste sida av trekanten, mellom personalet og kundane, står det "interaktiv marknadsføring". Langs den venstre sida av trekanten, frå verksemda til kundane, står det "ekstern marknadsføring". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan sjå på tre typar marknadsføring der personalet og leiinga er involverte, og det løner seg å sjå dei i samanheng. Intern marknadsføring er mellom anna når leiinga i verksemda motiverer og lærer opp dei tilsette. Kundekontakt, eller samhandling mellom personalet og kundane, kallar vi interaktiv marknadsføring, mens ekstern marknadsføring er marknadsføring der vi bruker ulike konkurransemiddel til å nå ut til kundane.

Intern marknadsføring

Intern marknadsføring er når leiinga mellom anna motiverer og lærer opp dei tilsette. Det er viktig at både personalet og leiinga er engasjerte og har tru på verksemda og produktet dei sel. Først då kan dei gjere ein best mogleg jobb.

Verksemder som tek godt vare på medarbeidarane sine, er inne i ein "god spiral". Det er større sannsyn for å få fornøgde tilsette som yter sitt beste på jobb, når leiinga evnar å sjå kva kvar enkelt er god til, og gi dei interessante arbeidsoppgåver som gjer at dei får brukt talentet sitt.

Endå betre kan det bli dersom dei tilsette òg får gode moglegheiter til å utdanne seg og ta relevante kurs, slik at dei kan utvikle seg vidare. Ei verksemd som investerer i personalet, kan dermed få meir engasjerte medarbeidarar, noko som kan gi positive ringverknader utover til kundane. Eit engasjert personale yter meir i kontakten med kundane.

Tenk over

Kan du tenkje deg fleire grunnar til at det er viktig å hugse på den interne marknadsføringa?

Team som tek ein high-five. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Interaktiv marknadsføring

Interaktiv marknadsføring er kundekontakt, eller samhandling mellom personalet og kundane. I denne samanhengen er service viktig.

Kva ein kunde opplever som god service, blir påverka av forventningane til kunden. For at ein kunde skal vere fornøgd, må opplevd service vere betre enn forventa service.

God service kan vere den aller viktigaste grunnen til at kundar blir fornøgde og vel å kome tilbake. Fornøgde kundar kan skaffe fleire kundar ved at dei snakkar fint om verksemda. Men det er endå meir sannsynleg at kundane snakkar om verksemda dersom dei har opplevd dårleg service. Det blir sagt at det skal ti gode serviceopplevingar til for å vege opp for éin dårleg. Derfor er det svært viktig å unngå å få misnøgde kundar.

I filmen nedanfor kan du sjå nokre døme på kundekontakt og kvifor det er så viktig å skape ein god relasjon til kundane.

Har du tenkt på at det finst ulike typar service? Service er faktisk eit ganske vidt omgrep. Vi skil mellom materiellservice, systemservice, personleg service og sjølvservice. I den relaterte artikkelen nedst på sida kan du lese om ulike typar service.

Tenk over

God service er eit subjektivt omgrep. Korleis vil du beskrive god service?

Ekstern marknadsføring

Ekstern marknadsføring er basert på bruken av konkurransemiddel, det vil seie dei midla verksemder har for å posisjonere seg i marknaden. Måten ei verksemd bruker og kombinerer konkurransemidla på, kallar vi marknadsmiks. Marknadsmiksen dannar grunnlaget for den eksterne marknadsføringa. Konkurransemidla blir òg omtalte som dei fire p-ane.

Vi deler konkurransemidla inn i

  • produkt
  • pris
  • distribusjon (plass)
  • marknadskommunikasjon (påverknad)

Personalet blir i nokre samanhengar omtalt som ein femte og siste p i rekkja av konkurransemiddel.

I filmen nedanfor forklarer Nina Vogt frå Handelshøyskolen BI nokre prinsipp for ekstern marknadsføring. Vi får mellom anna eit innblikk i kvifor det er viktig for verksemder å nytte ulike konkurransemiddel i marknadsføringa.

Tenk over

Korleis vil du forklare at intern, interaktiv og ekstern marknadsføring heng saman?

På kva måte har personalet og leiinga betydning for alle dei tre marknadsføringstypane?

Relatert innhald

Det finst ulike typar service. Vi kan skilje mellom materiellservice, systemservice, personleg service og sjølvservice.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2021

Læringsressursar

Marknadsføring