Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

PechaKucha om ekstern, intern og interaktiv marknadsføring

Marknadsføring har fleire delar som må sjåast i samanheng. Desse delane kallar vi for ekstern, intern og interaktiv marknadsføring. No skal du beskrive, forklare og reflektere over dette gjennom å lage din eigen presentasjon, som ein PechaKucha. Bruk døme frå praksisplassen din i presentasjonen.
Ein trekantmodell som illustrerer ekstern, intern og interaktiv marknadsføring. Vi kallar det ekstern markedsføring når det er snakk om marknadsføring frå verksemda ut til kundane. Ein annan type marknadsføring er intern marknadsføring der leiinga mellom anna motiverer og lærer opp dei tilsette. Den tredje typen av marknadsføring er interaktiv marknadsføring der det er snakk om kundekontakt og personleg service. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

PechaKucha er ei presentasjonsform der presentasjonen varer 6 minutt og 40 sekund, ved hjelp av 20 lysark/bilete som berre kan brukast i 20 sekund kvar. 20 lysark × 20 sekund = 6 minutt og 40 sekund. Lysarka består av bilete, og desse bileta er med på å formidle bodskapen til den som snakkar. Lysarka inneheld vanlegvis ikkje tekst.

Reglane for PechaKuchaen er ikkje absolutte, men hovudformålet med presentasjonsforma er å formidle ein bodskap tydeleg, presist, kort og konsist.

Oppgåve

Du skal lage ein PechaKucha 20 × 20 der du beskriv, forklarer og reflekterer over intern, ekstern og interaktiv marknadsføring. Bruk døme frå praksisplassen din i presentasjonen.

Presentasjonen din kan du spele inn som ei videofil og dele med faglæraren og/eller klassen, eller det kan vere ein munnleg presentasjon framfor læraren og klassen.

Oppgåva eignar seg òg godt til gruppearbeid.

Tips til verktøy for å lage presentasjonen

Det er fleire verktøy som kan passe når du skal lage presentasjonen. Her er nokre forslag:

  • PowerPoint

  • Google Presentasjoner

  • Prezi

  • Sway

Screencast-O-Matic eller innspelingsfunksjonen i PowerPoint kan brukast for å spele inn presentasjonen.

Kilde

Sundstrøm, Kristin. 2019, 17.06. PechaKucha 20x20. NDLA. https://ndla.no/nb/article/18407.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2021

Læringsressursar

Marknadsføring