Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk ekstern, intern og interaktiv marknadsføring

I denne oppgåva skal du utforske og gjere greie for for ekstern, intern og interaktiv marknadsføring med utgangspunkt i praksisbedrifta di.
Servicemedarbeidar som smiler og tek imot ein samtale på telefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Ta utgangspunkt i praksisbedrifta di. Utforsk og gjer greie for den eksterne, interne og interaktive marknadsføringa for praksisbedrifta/verksemda.

Skriv ein tekst som du kallar «Ekstern, intern og interaktiv marknadsføring i praksisbedrifta». Ta utgangspunkt i punkta nedanfor.

Punkt til oppgåveløysinga

  • Ekstern marknadsføring har mellom anna som oppgåve å nå brukarane til bedrifta og få dei til å oppsøkje bedrifta. Markedskommunikasjon er ein viktig del av den eksterne marknadsføringa. Korleis nyttar praksisplassen din seg av marknadskommunikasjon?

  • Synest du at praksisplassen bør vurdere fleire/andre kommunikasjonskanalar og eventuelt gjere endringar i bodskapen som blir kommunisert i marknadskommunikasjonen? Kom med konkrete forslag.

  • Ekstern marknadsføring er basert på . Korleis bruker praksisplassen din konkurransemidlane for å posisjonere seg i marknaden? Meiner du at den eksterne marknadsføringa er vellykka? Kvifor eller kvifor ikkje? Grunngi.

  • Den interne marknadsføringa skal sørgje for at personalet blir i stand til å informere, kommunisere og samhandle med ulike servicemottakarar. I tillegg må dei yte og tilpasse service til ulike målgrupper og kunne tilfredsstille behovet til servicemottakarane.

    Det er viktig at leiinga motiverer og lærer opp dei tilsette. Beskriv korleis den interne marknadsføringa går føre seg på praksisplassen din. Meiner du at den interne marknadsføringa er vellykka? Kvifor eller kvifor ikkje? Grunngi svaret ditt og kom med eventuelle forslag til kva som kan gjerast annleis eller betre.

  • Den interaktive marknadsføringa skjer når servicemottakaren møter servicemedarbeidaren og får behova sine oppfylt. Kva er rolla til servicemedarbeidaren, og kva vil du seie kjenneteiknar den interaktive marknadsføringa i praksisbedrifta di? Meiner du at den interaktive marknadsføringa er vellykka? Kvifor eller kvifor ikkje? Grunngi svaret ditt og kom med eventuelle forslag til kva som kan gjerast annleis eller betre.
  • Intern, interaktiv og ekstern marknadsføring heng saman. Ein av føresetnadene for å lykkast er at det som blir lova i den eksterne marknadsføringa, er i tråd med opplevinga til kunden i møte med servicemedarbeidaren. Meiner du at det er godt samsvar mellom den eksterne, interne og interaktive marknadsføringa i praksisbedrifta? Grunngi svaret.
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2021

Læringsressursar

Marknadsføring