Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadsføring i eigne kanalar

Dei fleste bedrifter har si eiga nettside, mange har e-postlister dei bruker til å sende ut nyheitsbrev, ei side på Facebook, ein Instagram-konto og kanskje en profil på LinkedIn. Dette kallar vi bedriftas eigne kanalar. Eit butikkvindauge med salsplakatar er òg ein eigen kanal.
Ei hand held ein mobiltelefon med appar for ulike sosiale medium. Foto.

I eigne kanalar kan vi fritt dele innhald (artiklar, bilete, videoar med vidare) som vi meiner er relevante for målgruppene våre. Å dele innhald i desse kanalane er gratis, i motsetning til annonsering som vi betaler for.

Innhaldsplan

På same måte som når vi lagar ein marknadsplan for annonseringaktivitetane våre, må vi lage ein innhaldsplan for produksjon og deling av innhald i eigne kanalar. Vi må finne ut kva vi skal dele, og kor ofte skal vi dele. Vi må òg avklare om vi treng å produsere bilete og video som ein del av dette arbeidet.

Innhaldsplanen er ein del av marknadsplanen fordi det vi deler, må få fram dei unike salspoenga, passe inn med merkevara vi prøver å byggje, og støtte opp under dei andre marknadsaktivitetane vi har planlagt gjennom året.

Eige innhald i sosiale kanalar

I motsetning til annonseringaktivitetar, der marknadsførarar styrer mykje av det som skjer, kan det vere mange i bedrifta som er engasjerte i å produsere og dele innhald til eigne kanalar. Til dømes er det mange høgskular som engasjerer elevane i å lage innlegg til sosiale medium. I ein butikk kan det vere ein eller fleire av dei tilsette som er flinke til å ta bilete, og deler dette på Facebook eller Instagram.

Nærbilete av ein kaffikopp og ei hand som held ein mobiltelefon og blar på Instagram. Foto.

Innhald til nettstad og nyheitsbrev

Innhaldet til nettstad og nyheitsbrev blir vanlegvis styrt av den eller dei som er marknadsansvarleg. Tilsette med verdifull kunnskap kan bli bedne om å bidra med relevant innhald når det trengst. Til dømes kan ei bedrift som sel syklar, produsere og dele alt frå artiklar om «korleis velje rett sykkel til 3-åringen» og flotte bilete av syklar i bruk til videoar som viser fram korleis ein lappar hjulet på sykkelen sjølv.

Deling av innhald og sal

Innhaldet vi deler i eigne kanalar, er med på å auke kjennskapen til bedrifta og å halde bedrifta i friskt minne hos målgruppa. Innhaldet vi deler, kan òg utløyse sal. Til dømes kan ein butikk dele eit godt tilbod på Facebook eller Instagram. Målgruppa vil då vere dei som følgjer butikken, og målet er at desse slår til på tilbodet. Eit mål kan òg vere å få dei som følgjer sida, til å like og dele slik at tilbodet kan nå ut til endå fleire.

Fordeling av ansvar

I ein marknadsplan fordeler vi ansvar og lagar ein tidsplan. Det må vi òg gjere i ein innhaldsplan. Vi må fordele kven som skal produsere, og kven som skal dele, og seie noko om når ting skal delast. Dette er viktig å gjere for å finne ut om vi har nok tilsette i bedrifta som kan fullføre desse oppgåvene gjennom året. Kanskje treng vi å setje av pengar i marknadsplanen for å få hjelp av andre til å ta bilete eller lage video?

 Ein mann ber eit proft og avansert videokamera på skuldra. Foto.
CC BY-SASkrive av Annette Pemmer og Trine Malde. Rettshavar: Synlighet
Sist fagleg oppdatert 04.04.2020

Læringsressursar

Marknadsføring