Hopp til innhald

Fagstoff

Ekstern marknadsføring

Ekstern marknadsføring er den tradisjonelle forma for marknadsføring. Det kan vere reklame på nett, radio og tv. Det er òg salsfremjande tiltak i butikkar, som sal og rabattar.
Ei pil treffer midten av ei målskive. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ekstern marknadsføring er basert på bruken av konkurransemidlane

  • produkt
  • pris
  • distribusjon (plass)
  • marknadskommunikasjon (påverknad)

Personalet blir i nokre samanhengar omtalte som den femte og siste P-en i rekkja av konkurransemidlar.

Konkurransemidlane – òg kalla dei fire eller fem P-ane – skal gjere produkt eller tenester attraktive og synlege for målgruppa. Konkurransemidlane dannar marknadsføringsstrategien til ei bedrift. Det vil seie at bedrifta tek avgjerder om

  • korleis produktet skal utformast (kvalitet, eigenskapar, design)
  • korleis produktet skal prisast (høg eller låg pris, rabattar og prisavslag)
  • korleis kommunikasjonen rundt produktet skal utformast (korleis er reklamane, annonsane, logoane og liknande)
  • kvar produktet skal distribuerast (overalt eller på berre nokon få stader, og i så fall kvar)

Marknadsføringsmiks

Samansetning og bruk av konkurransemidlane blir kalla marknadsføringsmiksen til bedrifta, og det er viktig at miksen av P-ane heng saman på ein logisk måte.

Porsche som døme

Viss vi tek luksusbilen Porsche som døme, veit vi at bilen er laga av dei beste materiala, han toler stor fart og krappe svingar, og han akselererer frå 0 til 100 på imponerande kort tid. Det er altså ein bil av høg kvalitet. Ein bil av så høg kvalitet, laga av kostbare materiale, har ein høg pris.

Bilar av høg kvalitet og til høg pris får du ikkje tak i så lett. Fabrikken har det vi kallar ein eksklusiv distribusjon, som vil seie at det berre er mogleg å få tak i produktet på nokre få utvalde stader. Dette er med på å verne luksuspreget bilen har.

Porsche. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Porsche reklamerer i blad og på sportsarrangement som har eit eksklusivt preg. Til dømes ser du annonsar for Porsche i bladet Norsk Golf. Dei reklamerer òg under Rally Monte Carlo, som er eit av dei mest snobbete billøpa i Europa. På denne måten heng P-ane godt saman og taler same språk; dei gir eit einsarta bilete av heile produktet.

CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 28.04.2021

Læringsressursar

Marknadsføring