Hopp til innhald

Fagstoff

Surroundanlegg

Når vi går på kino, vil vi ha eit sylskarpt bilete og ei «rå» lydoppleving. Mange ønskjer no òg det same heime i si eiga stove, og derfor har det blitt utvikla ulike typar surroundlyd for å tilfredsstille forventningane desse forbrukarane har til lydopplevinga.
Seks høgtalarar i ulik storleik: to høge fronthøgtalarar, to låge bakhøgtalarar, ein låg senterhøgtalar og ein stor subwoofer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mono

Fram til 1950-talet blei monoformatet brukt i det meste av lydattgiving. At lyden blir gitt att i mono, vil seie at han kjem ut i berre éin kanal. Nemninga mono viser òg til at det på den tida som regel berre blei gjort opptak med éin mikrofon, og det var berre éin høgtalar i radioen. I dag kan vi framleis finne bruk av monolyd. «Kjøkkenradioar» har til dømes ofte framleis berre éin høgtalar, fordi ein ikkje har behov for avanserte lydløysingar på kjøkkenet.

Stereo

Stereo er eit lydopptak og ei lydattgiving gjord gjennom to kanalar. Når eit lydopptak skal gjerast i stereo, kan ein plassere mikrofonane på ulike måtar i forhold til kvarandre. Med to mikrofonar får vi to opptak samstundes, men lyden og lydnivået vil nå dei to mikrofonane ulikt. Dermed blir det skapt ulike lydbilete i dei to høgtalarane.

Surroundlyd-teknologi

Surroundlyd, eller omgivnadslyd, får vi når lyden kjem frå fleire stader i rommet samstundes. Vi kan seie at lyden omfamnar oss og tek oss med inn i handlinga som føregår på TV-skjermen.

Surroundlyd blir skapt ved hjelp av fleire høgtalarar og teknikkar. Ofte er slike surroundsystem sette opp med fem høgtalarar og ein subwoofer. Eit slikt system kallar vi eit 5.1-system. Det finst òg system for lydattgiving i til dømes 6.1, 7.1, 9.1 og 11.1. Nokre heimekinoforsterkarar (receiverar) har støtte for 13.2. For at du skal få fullt utbyte av eit surroundanlegg, må filmen vere produsert for å bli spelt av i alle desse kanalane.

Det finst ulike teknikkar for behandling av surroundlyd. Tidlegare var det vanleg å omforme analoge lydsignal til surroundlyd; no er det digitale signal som gjeld. Dei to store produsentane av desse teknologiane er Dolby og DTS (Digital Theater System).

Døme på lydteknologi

  • Dolby: Atmos, Pro Logic, Dolby Digital, Digital Plus, True HD

Demo på lydoppleving frå Dolby Atmos (Dolby.com)

  • DTS: X, Digital Surround, HD, TruVolume HD, Studio Sound og HD Master Audio

Lær meir om DTS (dts.com)

Korleis skape god surroundlyd?

Mange drøymer om å ha eit eige rom til heimekinoen, men dette er ikkje ein realitet for dei fleste av oss. Ofte står surroundanlegget i stova blant potteplantar og bokhyller. Det betyr ikkje at det treng å vere dårleg av den grunn. Dersom vi får sett opp høgtalarane på dei rette plassane omkring lytteposisjonen, kan vi få mange gode filmopplevingar. TV-ar blir no selde i store format, og mange vel derfor bort projektor og lerret. Då får vi òg god oppløysing på biletet. Det er lurt å få TV-en kalibrert når vi kjøper han, då får vi optimalisert biletet.

Når vi skal velje lydutstyr, er det anbefalt å lytte på fleire ulike merke og modellar av både audio/video-receiverar (AV-receiverar) og høgtalarar. Det er lurt å finne ein kombinasjon som fungerer godt saman, og det er lurt å velje høgtalarar i same serie. Dei har då same lydkarakteristikk og utsjånad, og det kan vere viktig å tenkje på når du skal setje seks kasser i stova. I Hi-Fi-verda finst det eit eige omgrep for dette: WAF (wife acceptance factor). Så ja, ta utsjånaden med i vurderinga, så slepp du at høgtalarane står i garasjen neste dag. Fleire av dei som sel surroundanlegg, lar deg ta med anlegg heim for å teste dei før du kjøper. Då gjer du lurt i å teste anlegget mykje, både med film i surround og med musikk i stereo (og surround, dersom du har det). Test gjerne med fleire ulike lydkjelder for å finne ut korleis det læt. Rommet du plasserer høgtalarane i, speler ei stor rolle for korleis lyden vil oppfattast, då det meste av lyden blir reflektert i veggar, golv og tak. Ta storleiken på rommet med i utrekninga når du vel høgtalarar. Det er òg ein del grep du kan ta med tanke på lydtilpassing av rommet for å dempe refleksjonar.

Ein heimekinosubwoofer på eit teppe i ei stove. Foto.

Når det gjeld plassering av høgtalarane, kan det vere lurt å bruke litt tid på dette; plassering og vinkling er avgjerande for eit godt resultat. Til ein del AV-receiverar følgjer det med ein mikrofon for å hjelpe deg med å finjustere lyden til der du sit. AV-receiveren har òg andre justeringsmoglegheiter som hjelper deg på vegen. Når det gjeld plasseringa av subwooferen, er det enklaste å setje han i lytteposisjonen og så krype rundt på golvet for å finne den posisjonen der du høyrer han best. Prøv gjerne fleire plasseringar før du bestemmer deg. Når det gjeld film, vil det ofte vere ideelt å plassere subwooferen på den eine sida i rommet, på ein stad langs veggen mellom front- og bakhøgtalarane. Skal du spele musikk, plasserer du gjerne subwooferen ein stad mellom fronthøgtalarane. For å unngå å forkludre forholdet til naboen er det lurt å setje subwooferen på piggar (spikes) eller føter med demping. Dette dempar vibrasjonar som forplantar seg i huskonstruksjonen, og du kan oppleve ei forbetring i lyden. Dette kan du òg montere på golvståande fronthøgtalarar (som på biletet nedanfor).

Senterkanalen, den kanskje viktigaste høgtalaren i eit surroundanlegg, plasserer du så nær skjermen/lerretet som du kan. Han står som regel rett under. Pass på at han er vinkla riktig mot sitjeposisjonen, både i horisontal og i vertikal retning. All dialog i filmen vil bli handtert av senterkanalen.

To høge fronthøgtalarar står på piggar på golvet.. Foto.

Fronthøgtalarane er med på å skape eit inntrykk av omgivnadene. Dersom du har valt nokre store, golvståande høgtalarar, vil dei hjelpe til i bassområdet òg. Her er det lurt å tenkje på at diskantane peikar rett mot lytteposisjonen. Dei to fronthøgtalarane skal ha lik avstand til lytteposisjonen, og om du trekkjer ein tråd mellom dei, skal senterkanalen vere på midten av denne tråden. Når det gjeld avstanden mellom høgtalarane, kjem det litt an på rommet. Her kan du prøve litt ulike avstandar: Tenk deg at fronthøgtalarane og bakhøyttalerne skal danne ein rettvinkla firkant. Fronthøgtalarane bør ofte ha litt avstand til veggane.

Bakhøgtalarane kan vere utfordrande å plassere på grunn av møbleringa i stova. Ideelt sett skal dei stå minimum éin meter bak og i høgd med lytteposisjonen. Dersom dette ikkje lar seg gjere, kan dei stå på kvar si side av sofaen. Prøv deg gjerne litt fram når det gjeld vinklinga her. Ein krev ikkje like mykje trykk av bakhøgtalarane som av fronthøgtalarane; ofte bruker ein små bokhyllehøgtalarar bak. Dersom du har plassmangel eller plasseringsproblem, kan det vere lurt å gå for såkalla satellitthøgtalarar, som framleis vil gi deg surroundkjensla. Bakhøgtalarane speler saman med fronthøgtalarane for å skape eit inntrykk av omgivnadene i filmen, men det er fronthøgtalarane som gjer mesteparten av jobben.

Teikninga viser eit litt avlangt rom. Lytteposisjonen er i ein sofa midt i rommet eit stykke frå bakveggen. Ved veggen rett fram står det ein TV med senterhøgtalar rett under. Fronthøgtalarane står i kvart sitt hjørne framme i rommet og er vinkla mot lytteposisjonen. Bakhøgtalarane står i kvart sitt hjørne bakarst i rommet og er òg vinkla mot lytteposisjonen. Det er vist to subwooferposisjonar: Til venstre for TV-en er optimalt for musikk, og langs høgreveggen litt framom lytteposisjonen er optimalt for film. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vidare utvikling av surround

Marknaden for heimekino har alltid følgt etter utviklinga for lydteknologi som blir nytta på kino. Det blir stadig fleire høgtalarar i kinosalane, der lyden blir delt inn i fleire soner, og teknologien beveger seg litt bort frå kanaltankegangen. Når eit helikopter passerer på lerretet, vil lyden bli spreidd over fleire høgtalarar enn tidlegare. Det blir brukt fleire parametrar for å skape denne lyden, og dei mest sentrale justeringane er lydnivå og forseinking. I kinosalen er det òg plassert høgtalarar i taket, noko som også smittar over på heimekinomarknaden. Vi kan montere høgtalarar i taket i stova eller kjøpe høgtalarar som peikar opp mot taket slik at lyden blir reflektert ned på lytteposisjonen.

Teknologien går òg i retning av trådlaus kommunikasjon med høgtalarane, slik at vi slepp å leggje høgtalarkablar. Dette gir òg utstyret høgare pris.

Ekte eller virtuell surround

For å få ekte surround må ein velje ein type oppsett som vist ovanfor, med høgtalarar plasserte i kvar sin dedikerte posisjon. Dei siste åra har lydplankar blitt utvikla for å skape det vi kallar virtuell surround, og det blir dei stadig flinkare til. Med ein avansert lydplanke med fleire innebygde høgtalarelement og avansert teknologi vil ein kunne få ei virtuell oppleving av surroundlyd. Dersom ein i tillegg kjøper ei pakkeløysing med ein subwoofer og eit par bakhøgtalarar, kan ein forsterke denne opplevinga.

Fordelen med å velje virtuell surround er at det blir færre høgtalarar i stova, og at ein slepp å leggje så mange kablar. Ulempa er at ein ikkje får den ekte surroundopplevinga.

Ein lang, smal og kvit lydplanke på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette var ei lita innføring i surroundanlegg til heimebruk. Det aller viktigaste er at dei som skal bruke anlegget, blir nøgde. Som sagt er det viktig å gjere ein jobb i planleggings- og testfasen. Snakk med fagpersonar om kva løysingar du bør velje, og finn høgtalarar du liker lyden av. Når du skal montere det opp og gjere justeringar, er det lurt å følgje anbefalingane frå produsenten.

CC BY-SASkrive av Dag Olav Lereim. Rettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 08.03.2018

Læringsressursar

Lyd og bilete