Hopp til innhald

Fagstoff

Antenneutforming

Dei elektromagnetiske bølgjene som blir sende ut frå sendarar i det digitale bakkenettet, "ber" med seg digital informasjon som blir dekoda i digitalboksen du har kopla til TV-apparatet.
Boks for digitalt bakkenett. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prosessen med å leggje informasjonen "inn i" berebølgja blir kalla modulasjon og går føre seg i sendarelementet, mens det å trekkje informasjonen "ut igjen" blir kalla demodulasjon.

Radiobølgjer

Elektromagnetisk stråling blir òg kalla for elektromagnetiske bølgjer og dessutan radiobølgjer. Desse går med lysfarten.

Lysfarten er 299 792 458 m/s i tomt rom (vakuum). Vanlegvis seier vi 300 000 km/s eller 300x106 m/s. Han har symbolet c.

Vi kallar det bølgjer fordi dei «bølgjar seg» fram på same måte som bølgjer på havet gjer det. Her kjenner vi til at bølgjene både kan vere korte og lange, slik som havdønningane til dømes er.

Ved elektromagnetiske bølgjer er det på den same måten: Dei er både lange og korte. Dette er avhengig av kva frekvens dei blir sende ut med. Nemninga for bølgjelengde er λ (lambda) og blir målt i meter.

Formelen for bølgjelengde er då λ = c/f.

Lys er elektromagnetisk stråling, og vi kjenner til frå naturfag at det har ulik bølgjelengde avhengig av kva farge det er.

For å seie noko om kor ofte ei bølgje svingar fram og tilbake, eller med andre ord repeterer seg sjølv, bruker vi omgrepet frekvens.

Samanhengen mellom farten til radiobølgja (c), frekvensen (f) og bølgjelengda (λ) er forklart under.

Farten til radiobølgja = frekvensen · bølgjelengda

eller

c = f · λ

Bølgjelengda på signalet

TV-antenner som skal ta imot berebølgja i det digitale bakkenettet, må tilpassast den frekvensen og bølgjelengda som er brukt der. I bakkenettet er det sendarfrekvensar i området 474 MHz–858 MHz (UHF-området) som er brukte. Det betyr at desse radiobølgjene blir sende ut med bølgjelengder i området 35 cm–63 cm.

 UHF-antenne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

FM-radio sender i området rundt 100 MHz (VHF-området). Desse bølgjene har, som du ser, ein lågare frekvens enn bølgjene for TV-sendingar, og då blir bølgjene her noko lengre (omtrent 3 meter).

VHF-antenne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk på mobiltelefonen din. Han kan ta imot radiobølgjer med frekvensar opp mot omlag 2000 MHz. Det betyr endå kortare bølgjelengder enn i bakkenettet, og telefonen kan derfor ha særs små antenner. Antenneteknikk er elles ein heil vitskap i seg sjølv, og viss du held fram med utdanninga innanfor elektronikkfaget, vil du nok lære meir om andre viktige faktorar om antenneutforming.

CC BY-SARettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Lyd og bilete