Hopp til innhald

Fagstoff

Antenneforsterkar

Dersom signalstyrken er lågare enn forskrifta krev, må vi installere ein forsterkar. Denne blir til vanleg montert så nær antenna som mogleg.
Illustrasjon som viser ei tv-antenne. Frå antenna går det ein kabel til ein forsterkar, og frå forsterkaren går det ein kabel til ein tv.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike typar antenneforsterkarar

Det finst ei rekkje ulike antenneforsterkarar på marknaden. Dei fleste modellane er berekna for innandørs montering, men vi har òg forsterkarar som kan monterast utandørs. Utandørs forsterkarar blir då gjerne monterte på stolpen ved antenna, medan innandørs forsterkarar blir monterte i eit fordelingsskap. Vi bør montere forsterkaren så nær antenna som mogleg, for då unngår vi å forsterke eventuell støy som blir plukka opp i antennekabelen. Dette gjeld spesielt ved lange kabelstrekk.

Meir avanserte antenneforsterkarar kan ha fleire uttak for distribusjon av antennesignalet, og dessutan innebygde filter og moglegheit for å justere signalstyrken. Ved montering er det viktig å vurdere behovet i kvart enkelt tilfelle. Det er òg ein fordel å halde seg til kjende forsterkarmerke.

Framgangsmåte

Forsterkinga blir målt i dBμV (desibel mikrovolt), og signalet inn på tv-en bør liggje på mellom 63 og 72 dBμV. Du måler først signalstyrken i siste uttak med ein feltstyrkemålar, og deretter finn du rett forsterkar ved å rekne ut forskjellen mellom krav og signalstyrken du har funne. Dersom tv-signalet er spreidd til fleire stader i huset, er det viktig at du sjekkar kvart uttak og justerer signalstyrken i forhold til måleresultata.

Det blir nytta både F-konnektor og konvensjonell antenneplugg (han/ho) for terminering på antenneforsterkarar. Når det gjeld straumtilførsel, vil dei aller fleste forsterkarane krevje tilkopling av 230 volt frå stikkontakten, men det finst òg nokre som støttar overgangar med 5 volt og 12 volt. Dersom vi nyttar ei aktiv antenne, vil forsterkaren vere innebygd i antenna. Då krev ho ofte 230 volt.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen og Dag Olav Lereim.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2018

Læringsressursar

Lyd og bilete