Framdriftsplan antennemontering
Eit Gannt-diagram eignar seg for å få oversikt over dei ulike prosessane i eit prosjekt. Prosjektet kan vere stort eller lite, og det kan involvere få eller mange personar. Det er raskt å få oversikt over kva aktivitetar som skal gjerast når, og kva del av prosessen dei høyrer til.
Når vi opprettar eit Gannt-diagram, er det lurt å starte med å leggje inn alle aktivitetane først, hugs å kategorisere dei i ulike fasar av prosjektet. Ein fase er som regel avhengig av at den førre fasen er utført, så vi må ta høgde for det. Det må òg vere mogleg å redigere, med tanke på at planar kan endre seg. Dette gjeld til dømes tilgang på ressursar, materiell, vêr/årstid, lover/reglar, tilgjengelegheit og andre uventa faktorar som påverkar prosjektet.
Dette biletet er frå eit rekneark i Excel som du kan laste ned og gjere deg kjend med. Dette er berre eit eksempel, det finst andre program som er meir dedikerte til bruk av Gannt-diagram og prosjektgjennomføring, men prinsippet er det same.