Hopp til innhald

Fagstoff

Antenneforstyrrelser

Det elektriske signalet som går i kabelen er veldig utsatt for forstyrrelser medan spenninga er relativ lav. Det gjer at vi må foreta ein impedanstilpassing. Dette gjer vi for at signalet skal møte den same motstanden overalt. Då unngår vi å få refleksjonar og forstyrrelser på signalet.
Mann i dress står foran et TV-apparat med forstyrrelser på skjermen på grunn av dårlig tv-signal. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Standard impedans

Det er fleire grunnar til at det er viktig med ein standard impedans i heile anlegget:

  • Lik impedans i heile anlegget gir minst effekttap når signalet beveger seg frå ei eining eller ein kabel og til neste.
  • Lik impedans gir minst refleksjon tilbake i nettet. Viss eit signal beveger seg i ein kabel med 75 ohm impedans og så møter ein komponent med ein impedans forskjellig frå denne, vil noko av signalet bli reflektert tilbake. Det reflekterte signalet vil forstyrre det opphavlege signalet, og vi får uønskt støy i systemet.
  • At impedansen i ein splittar, avtappar eller kabel er 75 ohm, betyr at det elektriske signalet som beveger seg gjennom systemet, møter ein impedans på 75 ohm overalt.
CC BY-SARettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 13.02.2018

Læringsressursar

Lyd og bilete