Hopp til innhald
Fagartikkel

Installasjonsteikning antenneanlegg

Før du byrjar med det praktiske arbeidet, må du lage ei installasjonsteikning. Det er ei planteikning over bustaden som du skal montere antenneanlegget i. Der teiknar du inn plassering av antenneuttak, kabelen, fordelarar, eventuelle forsterkarar eller samankoplingsfilter i tillegg til antenne.

Det er viktig å bruke rette symbol i installasjonsteikninga.

Blokkskjema

Når du er ferdig med installasjonsteikninga, lagar du eit blokkskjema.

Sluttfør installasjonsteikninga og blokkskjemaet for oppdraget ditt.