Hopp til innhald

Fagstoff

Montering av forsterkar, antennekontaktar, splittar og avtappar

Vi ser på forsterkarar, antennekontaktar, splittarar og avgreinarar i samanheng med montering av antenneanlegg.
Antenne som som blir halden opp mot himmelen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forsterkarar

Forsterkarar monterer du i prinsippet så nært antenna som mogleg. Grunnen til dette er at vi ønskjer å forsterke signalet mens det er mest mogleg støyfritt.

Om antennesignalet passerer koplingspunkt eller lange kabelstrekk som dannar støy, vil denne støyen òg bli forsterka.

Som biletet viser, kjem forsterkarar i mange variantar. Det vanlegaste er at forsterkaren blir montert på mastrøyret rett under antenna, eller at han blir montert på loftet og kopla til coaxen rett etter takgjennomføringa. Kabelen frå antenna bør ikkje hengje fritt inn i rommet, men må avsluttast i ein antennekontakt.

Antennekontaktar

Antennekontaktar monterer du anten i vegg i eit skjult anlegg eller på vegg i ein tilhøyrande boks.

Merk deg at det finst antennekontaktar meint berre til bruk som siste kontakt.

Det finst òg typar der det er teke omsyn til at du skal gå vidare med coaxkabelen til neste kontakt. Merk at dette berre er tillate i eigen bustad utan utleigemoglegheit. Husk å terminere med 75 ohm terminator viss antennekontakten du bruker, er den siste og han ikkje er av endekontakttypen.

Splittarar og avgreinarar

Splittarar og avgreinarar kan sjå nokså like ut, og som regel monterer vi dei på vegg eller inne i eigna skap eller rack.

Splittarar er det vi kallar eit passivt element. Det vil seie at dei ikkje tilfører nokon effekt til signalet.

Dette betyr at viss vi deler signalet i fire, får vi ein firedels signalstyrke ut på kvar av dei fire utgangane. Ingen teknologi er heilt feilfri, så vi taper noko på sjølve delingsprosessen òg. I praksis får vi ut noko mindre enn ein firedel på kvar utgang. Ei halvering av effekten i signalet kallar vi eit tap på -3 dB (desiBel). Ein tovegs splittar svekkjer typisk signalet med cirka 4 dB, firevegssplittaren svekkjer signalet med cirka 8 dB. Avgreinarar er òg passive element og ofte til forveksling lik splittarar sett utanfrå. Avgreinarar, eller avtapparar som dei òg blir kalla, deler oftast signalet i to eller fire, men dei deler ikkje signalet i like store delar ut. Poenget med avgreinaren er at han har ein "hovudutgang" som tek med seg størstedelen av signalstyrken vidare. Han berre tappar av litt i to eller fire uttak, og så sender han størstedelen av signalet vidare. Avtapparen er nyttig å bruke undervegs i store anlegg for best mogleg å utnytte den signaleffekten du har, og samtidig få jamt nivå i alle antennekontaktane.

CC BY-SASkrive av Magnar Lynglund. Rettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 03.12.2018

Læringsressursar

Lyd og bilete