Hopp til innhald

Fagstoff

Antennemåling og justering

Vi bruker feltstyrkemålar for å måle signal i antenne og på TV. For eit perfekt bilete må ein utføre innstillingar, justeringar og målingar i antenne og på TV.
Feltstyrkemåler i drift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Måleskala i dBμV

Feltstyrkemålaren måler signalstyrken i dBμV (dBµV = DesiBel -dB, Mikro-µ, Volt -V). Antennesignalet er ei radiobølgje som beveger seg gjennom lufta i lysets fart. Når dette signalet treffer antenna, blir radiobølgja omdanna til eit elektrisk signal. Dette signalet har veldig låg spenning, og om ein skulle måle signalet i spenning, blir det ein veldig lang skala. Derfor har ein laga ein skala i dBμV.

Sjekke signalstyrken

Når ein har montert antenna og funne ut kvar ein kjem inn i bustaden med kabelen, må ein sjekke signalstyrken. Som montør bør du ha ein feltstyrkemålar som du bruker til å sjekke signalstyrken. Denne har du med deg ute ved antenna, slik at du kan justere antenna til du finn det sterkaste signalet. Du kan også bruke RiksTV-mottakaren til å sjekke signalstyrken, men då bør ein vere to personar, éin ute ved antenna og éin inne ved mottakaren.

Kontroll med forhold som kan påverke signalet

Det er viktig å dobbeltsjekke retninga til sendaren for å unngå at det er eit reflektert signal ein får. Store heisekranar eller liknande kan lure oss ved å reflektere antennesignalet, og når kranen dreier rundt, kan signalet forsvinne. Det kan også vere lurt å sjekke nabohuset for å sjå i kva retning antenna deira peikar. Signalet inn på TV-apparatet bør liggje på mellom 63 og 72 dBμV. Når ein måler med feltstyrkemålar, vil ein få utslag på skalaen på rundt 18 dBμV utan at ein har retta antenna mot ein sendar. Det kallar vi for støy, og er ei spenning som blir generert i antenna. Forholdet mellom signalet og støyen kallar vi for signal/støy-forholdet. Det er tilrådd at dette ligg på rundt 45 dBμV.

Ein vil greie å få TV-bilete ved eit signal på rundt 33 dBμV, men for å vere sikra eit godt og stabilt bilete må ein ta omsyn til signal/støy-forholdet. Dersom vi legg saman signalstyrken for støy, 18 dBμV og 45 dBμV, endar vi på 63 dBμV, som er grensa for signalet til TV-apparatet.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Lyd og bilete