Hopp til innhald
Fagartikkel

Sluttkontroll – antenneanlegg

I ein sluttrapport tek du med kva arbeid du har utført, og kva for målingar du har gjort i dei forskjellige uttaka. Jobbar du med kabling mellom utstyr som står ute og uttak som er inne, må du vere ekstra påpasseleg slik at du unngår skadar på bustaden.

Sluttkontroll av antenneanlegg

Kontroll av antenne, mast og takfeste

  • Sit antenna rett?
  • Festar monteringsskruar til underlaget?
  • Er vaieren stram nok?
  • Toler antenna (og masta) vind og snø?

Kontroll av takgjennomføring

  • Er det takgjennomføring? Kryss av for ja eller nei.
  • Dersom det er takgjennomføring: Er gjennomføringa forskriftsmessig? Er taket rundt gjennomføringa uskadd?

Kontroll av ytterveggjennomføringa

  • Er det ytterveggjennomføring? Kryss av for ja eller nei.
  • Dersom det er ytterveggjennomføring: Er hòlet bora oppover sett utanifrå? Er hòlet tetta med silikon eller liknande?

Kontroll av ytre og indre kabeldraging

  • Er det brukt godkjende klemmer?
  • Har klemmene riktig dimensjon?
  • Er bøyingsradiusen minst 10 gonger kabeldiameteren?

Kontroll av forsterkar og passive element

  • Er forsterkar og passive element plasserte slik at det er enkelt å nå dei?
  • Er ubrukte utgangar terminerte med 75 ohm?
  • Er utstyret tilstrekkeleg festa?

Kontroll av abonnementuttak og antennekontaktar

  • Er utstyret fornuftig plassert?
  • Er bøyingsradiusen minst 10 gonger kabeldiameteren?
  • Er endeuttak terminert med 75 ohm?
  • Er lok og markering på plass?

Døme på mal til sluttkontroll (Google Regneark)