Hopp til innhald
Fagartikkel

Etikk i matproduksjonen

Etiske dilemma kallar vi situasjonar der det kan vere vanskeleg å avgjere kva som er rett og gale. Innanfor matproduksjon er det mange etiske problemstillingar som det kan vere vanskeleg å finne rett svar på. Ofte handlar det om å velje mellom to like ubehagelege moglegheiter.

Har vi noko etisk ansvar?

Har vi som jobbar med å produsere mat, noko ansvar for kva råvarer vi vel å kjøpe og setje på menyen? Bør vi velje råvarer som er produserte på ein rettferdig og klimavenleg måte, sjølv om desse råvarene kanskje er dyrare for bedrifta? Vil bedrifta då overleve? Eller bør det vere opp til kundane å bestemme kva råvarer dei er villige til å betale for?

Etikk handlar om å tenkje igjennom kva som er rett og gale, frå dei små problema i kvardagen til dei større og meir komplekse som omfattar heile samfunnet og korleis vi kan ta vare på kloden vår. Å gjere val er eit stort ansvar. Å gjere etisk rette val er vanskeleg. Det er ikkje alltid du kjenner til alle sider ved ei sak, og det er mange omsyn å ta. Det viktigaste du kan bidra med, er kunnskap og eit ønske om å gjere etisk rette val.

Problemstillingar ved produksjon av mat

Produksjon av mat omfattar korleis råvarer blir dyrka eller avla fram, korleis denne produksjonen påverkar miljøet og omgivnadene rundt, og kva arbeidsvilkår arbeidarane har hatt. Vidare handlar det om mattryggleik, korleis ressursane blir utnytta best mogleg, og korleis dei blir etterbehandla.

Tenk over:

Kor viktig er det for deg å velje råvarer som:

  • er produserte med god dyrevelferd?

  • ikkje er utryddingstrua?

  • ikkje er skadelege for miljøet?

  • er produserte under gode arbeidsvilkår?

  • er økologisk produserte?

  • er lokalproduserte?

Dyrevelferd

Sjølv om dei fleste kan vere einige i at dyra som skal bli til mat, bør ha eit godt og verdig liv, er det som regel økonomien som bestemmer. Forbrukarane er ofte opptekne av at maten skal vere billeg. Jo billegare kjøtet er, jo mindre pengar får bonden til å gjere livet betre for dyra.

Kjøt som er produsert på dyrevenlege premissar, kostar ofte meir. Skal vi kjøpe dyrare kjøt, krev det kanskje endringar i kor ofte vi kan ete kjøt. Mange har trong økonomi og må derfor velje dei billegaste alternativa. Så sjølv om mange seier dei er opptekne av god dyrevelferd, er det ikkje sikkert at dei kan eller er villige til å vere med å bidra til ho.

Økologisk mat

I økologisk matproduksjon krevst det god velferd for dyra, minimalt av tilsetningsstoff og ingen kjemisk-syntetiske plantevernmiddel. Mange meiner at økologisk matproduksjon er meir miljøvenleg og betre for dyra. Andre meiner at det ikkje er berekraftig fordi avlingane ofte er mindre og det trengst større areal enn ved konvensjonelt landbruk. Og når vi veit at vi blir mange fleire menneske i verda og fleire munnar å mette, samtidig som jordbruksareala er avgrensa, er det då forsvarleg å drive økologisk?

Sjå film fra Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på YouTube om vi kan og bør produsere all mat økologisk.

Norsk eller importert mat?

I Noreg importerer vi ein heil del mat. Noko mat kan vi ikkje dyrke sjølv, som kaffi, appelsinar og ris. Men handelen aukar òg for varer som vi har moglegheit til å produsere sjølv. Import av matvarer krev mykje transport og fører til mykje utslepp. I tillegg kan det vere vanskeleg å vite om varene er produserte under gode forhold for både menneske og dyr. Den stadig aukande importen av råvarer kan føre til vanskelegare konkurransevilkår for den norske bonden.

Bør vi ikkje då heller ete meir norsk mat? Eller har vi eit etisk ansvar for å hjelpe andre land med handel ved å importere grønsaker sjølv om dette er skadeleg for klimaet? Og er den norske forbrukaren villig til å betale det det kostar å produsere i Noreg når importvarene er mykje billegare?

Etisk og rettferdig mat

Etisk og rettferdig mat går ut på at arbeidarane som har produsert han, har jobba i tråd med internasjonalt anerkjende standardar for menneskerettar, arbeidsforhold og miljøomsyn. Det finst fleire sertifiseringar og merkeordningar på slike varer.

Det er ein del utfordringar knytt til etisk handel, mellom anna har det vist seg å vere vanskeleg å garantere at arbeidsforholda i utviklingsland er gode. Det har vore fleire tilfelle der det har kome fram at varer som skal vere rettferdig produserte, slett ikkje er det. Og då mistar gjerne forbrukarane tilliten til desse merkeordningane og er ikkje villige til å betale for dei meir.

Matsvinn

Ressursane i verda er i dag veldig skeivt fordelte. Det blir produsert nok mat til å brødfø alle, likevel svelt millionar av menneske. FN har estimert at ein tredel av all mat som blir produsert i verda, aldri blir eten. Dette er problematisk i både eit etisk og eit miljømessig perspektiv.

Vi blir stadig fleire folk på jorda, og matproduksjonen må aukast betrakteleg. Dersom vi hadde kasta mindre mat og utnytta han betre, hadde vi auka mattilgangen utan å auke produksjonen. I tillegg hadde vi spart kloden for unødvendig bruk av ressursar og unødige klimagassutslepp.

Berekraftige råvarer

Det trengst store ressursar for å produsere mat, og dette kan gå ut over både dyr, menneske og miljø. Landbruk, hogst, gruvedrift og utnytting av havet kan gi store konsekvensar som forureining, tap av naturmangfald, utryddingstrua dyreartar og utslepp av klimagassar, for å nemne noko.

Har vi som jobbar med råvarer, eit etisk ansvar for å bruke dei råvarene som er mest berekraftige? Har vi noko ansvar for å velje leverandørar som er opptekne av etikk, miljø og berekraft? Og har vi noka påverknadskraft på vala både kundar og leverandørar tek? Som fagarbeidar innan restaurant- og matfag er du med på å forme framtida, og kunnskap er viktig for å kunne ta gode, miljømedvitne og ansvarlege val.

Kjelder

Lassen K. (2021, 11.juni). Seks av ti er bekymret for dyrevelferden. Forskning.no. https://forskning.no/dyrevelferd-etikk-landbruk/seks-av-ti-er-bekymret-for-dyrevelferden/1873318

FN-sambandet. (2022, 17. februar). Utrydde sult. https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal/utrydde-sult

Relatert innhald

Fagstoff
Produksjon av matvarer

Du som skal utdanne deg innan restaurant- og matfag, står overfor mange ulike val som kan påverke korleis matproduksjon vil føregå i framtida.

Fagstoff
Matsvinn i restaurant- og matfaga

Å kaste ferdig produsert mat er kostbart og lite berekraftig. Matbransjen har derfor eit stort ansvar for å finne løysingar for å redusere matsvinnet.