Hopp til innhald

Fagstoff

Etikk i handel med mat og drikke

I handel med mat og drikke må vi ta omsyn til både kundar, kollegaer og leverandørar. Desse relasjonane er baserte på ein gjensidig tillit til at vi opptrer på ein ærleg og reieleg måte som ikkje er til skade for nokon.
Ung servitør som ser forvirra ut. Han har seks armar som held forskjellige ting som mat, vin, øl, betalingsterminal og anna. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I det daglege arbeidet vårt kan det oppstå mange etiske dilemma og problemstillingar. Her skal vi sjå på nokre av dei.

Haldninga til kunden

God etikk i kundebehandlinga vil seie at kundar skal behandlast med respekt og verdigheit uavhengig av kunden sin hudfarge, funksjonshemning, religion, kjønn eller legning.

Ulike interesser og verdiar gjer at mange er opptekne av korleis næringsmidla er produserte, kor dei kjem frå, om dei er miljømerkte, eller kva maten inneheld. Då er det viktig at vi har nok kunnskap om produktet til å kunne gi eit ærleg svar og ikkje lyge for kunden. Om vi som sel maten, er usikre eller ikkje gidd å sjekke ordentleg, kan det få store følgjer både for kunden og for bedrifta, som får dårleg omdømme.

Det finst fleire døme frå restaurant- og matbransjen der ein lurer kundane medvite. Det kan handle om å forkle billege råvarer som dyre og få stor inntening, selje ulovleg importerte råvarer eller pakke om varer som er gåtte ut på dato, og selje på nytt. Dette er ikkje berre ulovleg, men også svært uetisk.

Etikk og hygiene

Etikk gjeld òg hygienen når du lagar mat. Slurvar du med hygienen, kan kundar eller gjestar bli matforgifta eller få matinfeksjon. Vi må lære oss å sjå konsekvensane av handlingane våre og opptre på den måten vi veit er rett, og ikkje berre gjere det som er enklast der og då. Etikk vil derfor vere ein viktig reiskap for å få fornøgde gjestar.

Tenk over

Kva konsekvensar vil det få for ei verksemd eller ein heil bransje når det stadig er tilfelle av uærlege eller ulovlege aktivitetar?

Tilgang til verdiar

Når vi jobbar i ei verksemd som sel mat og drikke, har vi tilgang til verdiar i form av pengar og næringsmiddel. Det kan vere freistande å ta seg ei flaske brus på jobben ein varm arbeidsdag utan å betale for ho. Du tenkjer kanskje at det ikkje er så farleg, du har jo jobba og stått på heile dagen, ein kald brus må vel bedrifta unne deg. Dei kjem nok ikkje til å merke det. Men å ta ein brus utan å betale for han er tjuveri og er både ulovleg og uetisk.

Rask tilgang på pengar kan òg freiste tilsette til å stele. Det er dessverre mange tilfelle der sal ikkje blir registrerte i kassa og kontantar hamnar i lommene til dei tilsette. Oppdagar du at ein av kollegaene dine stel på jobb, kan det vere vanskeleg å seie frå, og du kan vere i eit etisk dilemma.

Smilande servitør registrerer sal på ein trykkskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tilsettrabatt

Mange bedrifter gir tilsettrabatt som eit gode til dei som jobbar i bedrifta. Dette er ein rabatt for deg som tilsett, og han skal ikkje "lånast" bort til andre. Har du vener som kjem innom og ber om å få rabatt på maten eller drikken, kan det vere vanskeleg å seie nei. Det blir lettare om bedrifta har utarbeidd klare etiske retningslinjer som seier at det ikkje er greitt å låne bort tilsettrabatt, slik at ein kan vise til desse.

Korrupsjon

I handel med mat og drikke kan det vere tilfelle av korrupsjon. Korrupsjon vil seie å bestikke nokon eller å ta imot bestikkingar for å få ein fordel.

Kanskje vil du oppleve at ein leverandør vil gi deg gåver eller ei teneste som takk for at du overtaler sjefen til å ta inn varene til leverandøren framfor ein konkurrent sine. I eit slikt tilfelle kan du spørje deg sjølv: Har eg godt samvit ved å ta imot desse gåvene? Er det problematisk å fortelje sjefen om det? Er det greitt om det kjem i morgondagens avis? Er nokre av svara på desse spørsmåla nei, bør du ikkje ta imot gåva eller tenesta.

Etiske retningslinjer

Enkle retningslinjer og spørsmål kan vere til stor hjelp viss vi er i tvil om kva som er rett og gale, klokt og uklokt. Mange fagorganisasjonar og bedrifter har yrkesetiske retningslinjer for medlemmer og tilsette.

Det er viktig at reglane er enkle å forstå, og at reglane har noko å seie for kvardagen til medarbeidarane og dei utfordringane og dilemmaa som kan oppstå.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Etikk og arbeidsmoral