Hopp til innhald

Fagstoff

Etiske dilemma

Mange val er vanskelege fordi det er så mange omsyn å ta. Når vi blir trekt mellom ulike omsyn, seier vi at vi har eit etisk dilemma. Som fagarbeidar vil du stå overfor val der du må vege ulike omsyn mot kvarandre og det blir di oppgåve å bestemme kva som skal gjerast.
Ung kvinne med raudt bind for auga framfor ein raud vegg og med eit daudinghovud på genseren. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi har eit etisk dilemma når

  • ulike verdiar eller kjem i konflikt med kvarandre
  • det som er rett for éin, blir feil for ein annan
  • inga av løysingane er gode

Dette handlar om å velje éi handling når to eller fleire verdiar eller normer er viktige. Slike utfordringar møter vi både privat og på jobb.

Etisk vurdering

Ei etisk vurdering er ei vurdering av kva som er viktigast eller mest rett. Sjølv om det ikkje finst eit fasitsvar, er det lurt å tenkje gjennom ulike situasjonar du kan komme opp i på jobb.

Når du står overfor eit etisk , må du spørje deg sjølv: Kva skal eg leggje mest vekt på? Nokre moglege tilnærmingsmåtar er:

  • Plikt
    Du legg vekt på å gjere plikta di. Det betyr at du ønskjer å følgje skrivne og uskrivne lover og reglar.
  • Formål
    Du legg vekt på at formålet med ei handling er godt. Eit godt resultat er viktigare enn at du følgjer alle reglane.
  • Konsekvens
    Du tenkjer mest på konsekvensane. Det valet som har færrast dårlege konsekvensar, for deg sjølv eller andre, er det beste valet.
  • Sinnelag
    Du meiner at det er tanken bak som tel. Det betyr at valet må vere i tråd med det verdisynet du har, til dømes eit bestemt livssyn.

Tenk over

Ein klassekamerat skulkar nokre skuletimar og ber deg lyge for læraren. Kva gjer du?

På jobb

Som profesjonell yrkesutøvar skal du kjenne og følgje lov- og regelverk.

Om lovverket seier noko om kva som er rett eller gale i ein situasjon, er du pålagt å følgje dette når du er på jobb.

Det finst òg etiske retningslinjer for ulike yrkesgrupper og institusjonar som kan hjelpe deg med å velje.

I eit arbeidsforhold kan du nytte kollegaene dine og dei overordna som støtte i slike valsituasjonar.

CC BY-SASkrive av Tove Bostad og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2022

Læringsressursar

Etikk og arbeidsmoral