Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stygge grønsaker – mat eller søppel?

Er det etisk rett å kaste grønsaker og frukt fordi dei har feil storleik eller utsjånad? Kan vi forsvare dette når vi veit at mange svelt i verda i dag, og at matproduksjon krev enorme ressursar?

Sjå filmen og diskuter i klassen:

  1. Kva synest de om at tonnevis av grønsaker og frukt med skjønnheitsfeil endar som matsvinn? Er dette eit problem eller ikkje?

  2. Er forbrukarane for kravstore? Er det forbrukarane sin feil at berre dei perfekte grønsakene finn vegen inn i butikkhyllene, eller må fleire dele skulda?

  3. Kva trur de må til for at forbrukarane kjøper meir av dei stygge grønsakene slik at dei ikkje endar som matsvinn?

  4. Er de sjølv villige til å kjøpe grønsaker med rar fasong? Kvifor / kvifor ikkje?

  5. Korleis har vi som forbrukarar påverknadsmakt når det gjeld matproduksjon?

  6. Vi importerer amandinepoteter, mens dei fleste små potetene i Noreg blir liggjande igjen på jordet. Kvifor er det slik?

  7. Har de nokon gode forslag til korleis vi kunne unngått at så mykje frukt og grønsaker endar som matsvinn?

Oppgåve

Ta kontakt med ein lokal bonde, eit pakkeri, ein grossist eller liknande der de veit at det blir sortert ut grønsaker og frukt. Spør om de kan få noko av grønsakene eller frukta som ikkje har god nok standard til å bli selde i butikk.

  1. Sjå, smak og vurder kvaliteten på det de har fått tak i. Vil det eigne seg til ulike formål ut frå kvaliteten?

  2. Basert på kva grønsakene eller frukta eignar seg til, kan de finne oppskrifter og lage ulike rettar av råvarene.

  3. Et maten sjølv eller server til medelevar og fortel at maten er laga av "stygge grønsaker og frukt" som ikkje kan seljast i butikk.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2022

Læringsressursar

Etikk og arbeidsmoral