Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Etiske dilemma på jobben

Her får du presentert nokre etiske dilemma som kan førekome i arbeidslivet, og som du skal ta stilling til.
Ein kokk på eit kjøkken undersøkjer kjøttstykker i ein bakke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jobb med dilemmaa ein og ein. Diskuter så svara dine med ein medelev.

Etisk dilemma 1:

Du er tilsett som kokk på ein liten restaurant som har spesialisert seg på grillmat. Restauranten har hatt lite besøk i det siste, og du veit at bedrifta slit med å betale rekningane sine. Ein dag ber kjøkkensjefen deg om å kutte biffane som skal seljast som 200 gram biff, i 170 grams stykke i staden. "Vi er nøydde til å få inn litt meir pengar, elles går vi konk", seier han. "Gjestane kjem ikkje til å merke det."

Du er i tvil om kva du skal gjere, du ønskjer ikkje at bedrifta skal gå konkurs slik at du mistar jobben din, men kan du gå med på å lure kundane?

Kva ville du gjort? Grunngi svaret ditt.

Etisk dilemma 2:

Du jobbar i eit nystarta bakeri. Du oppdagar ved eit slumpetreff at ein av kollegaene dine gir personalrabatt til vener og kjende når dei er innom bakeriet. Du veit at sjefen ikkje ville like dette, sidan han har vore nøye med å forklare at personalrabatt berre skal brukast til personalet sjølv og ikkje kan givast bort til andre.

Du er i tvil om kva du skal gjere, bakeriet er nystarta og treng alle inntektene det kan få, men du likar kollegaen din godt og vil ikkje at han skal kome i vanskar.

Kva ville du gjort? Grunngi svaret ditt.

Etisk dilemma 3:

Du jobbar som servitør i ein fin restaurant og har i kveld fullt hus. Det er ein travel kveld og mykje å gjere. Kollegaen din er nytilsett med lite erfaring, og du ser at han er stressa og gjer ein del feil. Du har fullt opp med dine eigne oppgåver og er i tvil om kva du bør gjere. Kollegaen din treng openbert hjelp, men du har sjølv mykje å gjere og er redd for at det då vil gå ut over gjestene på "dine" bord.

Kva ville du gjort? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal og Tove Engesvik.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2022

Læringsressursar

Etikk og arbeidsmoral