Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Verpehøna sin lagnad

Med egg på kjøkkenet kan vi trylle fram dei herlegaste matrettar. Men tenkjer du nokon gong over korleis høna som har lagt egget, har hatt det? Og kva skjer eigentleg med høna når ho har vorte for gammal til å leggje egg?
Ein person held ei høne i den eine handa og eit egg i den andre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Undersøk ulike hønsehald

  1. Undersøk forskjellane på dei ulike formene for hønsehald vi har i Noreg i dag: burhøns, frittgåande og økologisk hønsehald.

  2. Etter undersøkingane dine, kva hønsehold meiner du gir best dyrevelferd for hønene?

  3. Korleis er regelverket for burhøns i Noreg i dag? Kva har ført til endringane?

  4. Vil det du har funne ut, ha nokon innverknad på kva egg du kjøper neste gong du er i butikken? Kvifor / kvifor ikkje?

Oppgåve 2: Refleksjonsoppgåver

Før var det slik at høner som var for gamle til eggproduksjon, blei slakta og etne til middag. No blir ikkje hønene lenger til mat, men til avfall. Sjå "FBI redder høna" og reflekter saman i klassen.

  1. Med ei aukande befolkning i verda og eit veksande behov for mat – kan vi forsvare at kjøtt frå tre millionar verpehøner kvart år blir til avfall i staden for mat?

  2. I kjølvatnet av NRK-dokumentaren "FBI redder høna" frå 2017 vart det eit stort engasjement rundt bruken av hønsekjøttet, og industrien svarte med å produsere nokre få produkt laga av høns. Likevel selde dei så lite at dei forsvann frå marknaden igjen. Kva kan vere grunnen til at så få forbrukarar er interesserte i å kjøpe og bruke hønsekjøtt?

  3. Er det næringa eller forbrukarane som har skulda for at hønene blir til avfall i staden for mat?

  4. Er de van med å ete hønsekjøtt heimanfrå? I kva slags rettar har de eventuelt fått servert høne?

Oppgåve 3: Finn oppskrifter og lag mat med hønsekjøtt

  1. Bruk kokebøker og internett til å finne oppskrifter med hønsekjøtt.

  2. Fordel rettane i klassen og produser maten på kjøkkenet.

  3. Smak på rettane de har laga. Kva synest de om hønsekjøttet? Er det ein ressurs verd å ta vare på?

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2022

Læringsressursar

Etikk og arbeidsmoral