Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er etikk?

Vi gjer ei rekkje val kvar dag. Nokre av dei har noko å seie for fleire enn oss sjølv. Som fagarbeidar i restaurant- og matfagbransjen vil du oppleve at vala får både ønskte og uønskte konsekvensar for brukarane.
Ei jente står ved eit vegskilje med ryggen mot kameraet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er ikkje alltid lett å vite kva som er rett, og kva som er gale. Det er mange omsyn å ta.

Etikk handlar om korleis vi menneske tek omsyn til kvarandre. Oppfatninga av kva som er rett og gale, kan vere ulik frå person til person. Det varierer innan same kultur og mellom ulike kulturar. Det kjem an på kva normer, verdiar, haldningar og livssyn ein har.

  • Om du bryt dei etiske reglane i kvardagen, blir du kanskje straffa med stygge blikk og sosial utestenging.
  • Om du bryt yrkesetiske reglar, kan du bli påtalt av dei overordna.
  • Om du bryt lova, kan du bli straffa med bøter og fengsel.

Etikk og moral

Etikk er læra eller teorien om kva som er rett og gale. Iblant er det vanskeleg å vite kva som er rett å gjere. Om du må velje éi løysing av fleire moglege, kan etikken vere til hjelp. Han kan gi grunnar for kvifor du bør gjere det eine eller det andre.

Moral handlar om korleis du oppfører deg, altså kva du faktisk gjer. Å handle moralsk betyr å oppføre seg etter dei normene og reglane som gjeld i den gruppa ein høyrer til. Gruppa kan vere familien, venegjengen eller kollegaene. Umoralsk åtferd fører gjerne til negative reaksjonar hos andre.

Kvardagsetikk og yrkesetikk

Valsituasjonar oppstår både privat, på skulen og på jobben. Vi skil derfor mellom kvardagsetikk og yrkesetikk. Kvardagsetikk handlar om dei vala du gjer som privatperson, til dømes korleis du tek omsyn til foreldra dine. Lyg du, eller er du til å stole på?

Yrkesetikk handlar om dei vala du gjer som yrkesutøvar og fagperson. Desse vala angår kundar og kollegaer. Viser du respekt? Tek du ansvar, eller prøver du å lure deg unna? Yrkesetikken er meir omfattande enn kvardagsetikken fordi fleire menneske er innblanda, og då må det vere fleire reglar. Desse reglane kan vere både uskrivne og skrivne.

Det finst ikkje ferdige svar på alle mellommenneskelege spørsmål. I ein del situasjonar må du sjølv avgjere kva som er rett og gale. Kunnskap om etikk skal gjere deg i stand til å reflektere og vurdere for å kome fram til gode svar på dei spørsmåla som måtte dukke opp. Gjennom refleksjonar om etikk vil du bli førebudd på situasjonar som kan oppstå.

Juss er eit eige fagområde som skil rett og gale. Juss handlar om lover som Stortinget vedtek. Matlova er eit døme. Fagutøvarar innan restaurant- og matfagbransjen pliktar å følgje denne lova. Når det finst ei lov, skal du alltid følgje ho.

Utfordringar til deg

  1. Kva for nokre etiske reglar gjeld i klassen? Lag ei liste med fem reglar.

  2. Eit fag byggjer på eit verdigrunnlag. Hent døme frå dei ulike yrka i utdanningsprogrammet og diskuter korleis verdigrunnlaget kjem til uttrykk.

  3. Kva for nokre etiske retningslinjer meiner de kunne vere felles for yrka i utdanningsprogram for restaurant- og matfag? Diskuter i klassen.

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Tove Bostad.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2022

Læringsressursar

Etikk og arbeidsmoral