Etikk og dyrevelferd i matproduksjon
Sjølv om bøndene følgjer minstekravet i lova, kjem det stadig døme på at dyrevelferda ikkje nødvendigvis er god. Har vi noko etisk ansvar for at dyra har hatt det godt før dei blir slakta? Sjå filmen og diskuter i klassen.
Kva er mest avgjerande når du skal velje kjøtt i butikken – er det korleis dyret har levd før slaktinga, prisen eller anna?
Kven har eigentleg ansvar for at dyra har det bra? Er det bøndene, politikarane eller forbrukarane?
Er det ei motsetning mellom dei menneskelege behova for ein rask og lønnsam matproduksjon og dyra sine behov for god omsorg og livskvalitet?
Kva må til for at forbrukarane skal vere villige til å betale meir for kjøttet?
Korleis kan vi som jobbar innanfor restaurant- og matbransjen, bidra til større forståing for val av råvarer?
Gåselever eller foie gras har lenge vore rekna som ei delikatesse i gastronomien si verd.
Finn ut: Korleis blir foie gras produsert?
Kva synest de om dyrevelferda under produksjonen av foie gras?
Korleis er moglegheitene for å produsere foie gras i Noreg?
Ville du sett foie gras på menyen i din eigen restaurant? Grunngi svaret ditt.
Kor mykje kunnskap trur de kundar som bestiller foie gras, har om måten han blir produsert på?