Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bitre druer

Millionar av liter vin blir produsert i Sør-Afrika kvart år og eksportert til dei nordiske landa. Mange av vinflaskene er merkte med at dei er etisk produserte, men kan vi stole på denne merkinga?
Vinstokkar fulle av grøne druer. Foto.

Sjå dokumentaren Bitre druer frå NRK Brennpunkt. Etter å ha sett dokumentaren kan de diskutere i klassen:

  1. Korleis er arbeidsforholda til vinarbeidarane i Sør-Afrika, slik dei blir framstilte i filmen? Korleis er desse forholda, samanlikna med norske arbeidsforhold?

  2. Kva slags ansvar meiner de at nordiske oppkjøparar har for å ta inn vin som er produsert under gode arbeidsforhold?

  3. Kan vi som forbrukarar stole på at varer som er merkte med at dei er etisk produserte, faktisk er det?

  4. På kva måtar kan vi som forbrukarar påverke korleis vinarbeidarane har det?

  5. Korleis påverkar ein slik dokumentar omdømmet til Vinmonopolet og andre vinimportørar, trur de?

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022

Læringsressursar

Etikk og arbeidsmoral