Hopp til innhald
Forsøk

Demoforsøk: Blå flaske – rosa flaske

I denne redoksreaksjonen vil glukose redusere indikatoren, mens oksygen oksiderer han tilbake til utgangspunktet igjen.
Video: Science photo Library, Science Photo Library Motion / CC BY-NC-SA 4.0

Utstyr

  • 6 g natriumhydroksid, NaOH
  • 10 g glukose
  • metylenblå eller indigokarmin for blå farge
  • resasurin for rosa farge
  • 50 mL etanol, CH3CH2OH

Relatert innhald

Førebu løysingar:

Løysing A

  1. Veg inn 6 g natriumhydroksid i ein 500 mL erlenmeyerkolbe.
  2. Tilset 300 mL vatn og 10 g glukose.
  3. Rist forsiktig på flaska til alle faste stoff er løyste opp. Du har no ei 0,5 mol/L løysing av natriumhydroksid med 10 g glukose.

Løysing B

  1. Løys ein spatelspiss metylenblå eller indigokarmin og ein spatelspiss resasurin i 50 mL etanol i ein 100 mL erlenmeyerkolbe.
  2. For å få ei løysing som skiftar mellom blå og rosa, tilset både metylenblå/indigokarmin og resasurin i 50 mL etanol i ein 100 mL erlenmeyerkolbe.

Framgangsmåte

  1. Tøm ca. 5 mL av løysing B i ein erlenmeyerkolbe som inneheld 50 - 100 mL løysing A. Fargen vil etter kvart forsvinne. Sett ein kork på kolben.
  2. Ved kraftig risting vil fargen komme tilbake, for så å forsvinne. Dette kan gjentakast mange gongar.
  3. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.

Veldig fin og enkel demonstrasjon av likevekter i vatn. Kan brukast som øving i labferdigheiter der elevane lagar løysingane sjølve. Natriumhydroksid-løysinga kan då lagast på førehand.