Forsøk
Demoforsøk: Flammesøyle
Lag ei imponerande flammesøyle med etanol, hydrogenperoksid og kaliumpermanganat.
- etanol
- 20 % hydrogenperoksid,
- kaliumpermanaganat,
- porselensskål, 10 cm diameter
- Lag ei løysing av ca. 30 mL etanol og 20 mL hydrogenperoksid.
- Overfør løysinga til skåla.
- Tenn på løysinga. Ho vil no brenne med ein svakt blå flamme.
- Tilset ein spatelspiss kaliumpermanganat. Du vil no få ei fin flammesøyle, og kanskje nokre små smell.
- Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.
Her lagar vi store flammar, og sikkerheita må vere deretter. Prøv i liten skala før du eskalerer. Kan vere lurt å gjere i avtrekk, men er strengt tatt ikkje nødvendig sidan det er etanol vi brenn. Viss du har ein sikkerhetsskjerm, bruk han.