Hopp til innhald
Forsøk

Demoforsøk: Endotermisk oppløysing av NaCl

Observer rask temperaturendring når du løyser natriumklorid i vatn.
Video: Science Photo Library, Rhys Lewis & Minh Tan Pham / CC BY-NC-SA 4.0

Utstyr

  • natriumklorid, NaCl
  • isbitar
  • begerglas
  • magnetrørar (valfritt)
  • temperatursensor, frittståande eller tilkopla PC

Framgangsmåte

  1. Fyll begerglaset ca. halvfullt med kaldt vatn.
  2. Tilsett ei passande mengd isbitar.
  3. Senk temperatursensoren ned i glaset og begynn å måle temperaturen.
  4. Tilsett ei god mengd natriumklorid og observer temperaturen. Viss du har tilsett nok natriumklorid, vil temperaturen etter kvart stabilisere seg godt under 0°C. Viss ikkje, tilset meir natriumklorid.

Dette forsøket kan brukast i kjemi i samband med termodynamikk som døme på endotermisk reaksjon, eller for gøy i naturfag.