Demoforsøk: Magisk røyk
- konsentrert ammoniakk,
- konsentrert saltsyre,
- natriumbikarbonat, (bakepulver)
- q-tips
- stor erlenmeyerkolbe
- begerglas, 100 mL
Versjon 1
- Dynk to q-tips i høvesvis ammoniakk og saltsyre.
- Før q-tipsa sakte mot kvarandre utan at dei kjem i kontakt med kvarandre. Det vil oppstå ein kvit røyk i området mellom dei.
Versjon 2
- Ha 3-4 matskeier natriumbikarbonat i erlenmeyerkolben.
- Tilset ca. 20-30 mL ammoniakk og 20-30 mL saltsyre. Dette resulterer i ein kvit røyk som sprutar ut av kolben.
Ammoniakk og saltsyre er begge ganske flyktige stoff. I gassform vil det skje ein syre-basereaksjon som produserer det faste saltet ammoniumklorid, . Dette saltet er kvitt, og vil oppstå som ein røyk i lufta.
I versjon 2 vil natriumbikarbonat i tillegg reagere med saltsyre og produsere karbondioksid, . Dette gjer at ammoniumkloridet blir dytta ut av kolben.
Når alt karbondioksidet har blitt produsert vil ein stå igjen med ein kolbe fylt med ammoniumklorid. Denne røyken kan hellast forsiktig ut framfor elevane, noko som gir ein «magisk» effekt.
Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn
Ein veldig fin visuell demonstrasjon, der ein gjerne kan få elevar til å gjere versjon 1, og så gjere versjon 2 sjølv. Ammoniakk luktar veldig sterkt, og vi tilrår at du lar begerglasa stå i avtrekk under forsøket. Hugs briller, hanskar og frakk når du handterer sterke syrer og basar!