Forsøk
Demoforsøk: Pringles-rakett
Lag ein effektfull rakett som "går på" hydrogengass.
- Pringles-boks eller liknande
- konsentrert saltsyre, HCl
- sink-bitar
- kolbe med kork og slange
- Lag eit lite hol i botnen av boksen.
- Tett holet med ein bomullsdott eller liknande, og snu boksen på
hovudet. - Tilset ei passande mengd saltsyre til kolben.
- Tilset ei passande mengd sinkbitar og set på korken.
- Før slangen inn i botnen av boksen. La stå i nokre minutt.
- Ta ut bomulla, og tenn på frå toppen.
- Restar av saltsyre kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn. Sink-bitane kan gjenbrukast eller kastast i søpla.
Enkel, men veldig effektiv rakett. Her må mengda saltsyre og sink tilpassast storleiken på boksen. Viss du bruker ein vanleg Pringles-boks, treng du ca. 30 – 50 mL saltsyre og 10 – 15 biter sink. Hugs hørselvern og briller når du tenner på.