Hopp til innhald
Forsøk

Demoforsøk: Nitrøse gassar

Det blir danna nitrøse gassar når koparmetall gir elektron til nitrat.
Video: Science Photo Library, Rhys Lewis & Minh Tan Pham / CC BY-NC-SA 4.0

Utstyr

  • konsentrert salpetersyre, HNO3
  • kopar-bitar
  • stor erlenmeyerkolbe

Framgangsmåte

  1. Tilset ca. 10 mL konsentrert salpetersyre til kolben.
  2. Tilset så nokre bitar kopar. Dette resulterer i bobling og utvikling av ein brun gass.
  3. Når all koparen har blitt oksidert til ion, vil du stå igjen med
    ei grøn løysing i kolben.
  4. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.

Dette forsøket må gjerast i avtrekk. Når salpetersyra reagerer med kopar, blir det utvikla nitrøse gassar som er veldig giftige. Dei er likevel veldig fascinerande å sjå på!