Hopp til innhald
Forsøk

Demoforsøk: Brannsløkkjar

Lag ein brannsløkkjar med bakepulver og eddik.

Utstyr

  • eddik (7-10 % eddiksyre)
  • natron eller bakepulver (natriumhydrogenkarbonat), NaHCO3
  • begerglas eller annan behaldar, større er betre
  • telys

Framgangsmåte

  1. Tenn på mange telys og set dei tett inntil kvarandre
  2. Tilset ei god mengd natron til eit begerglas.
  3. Tilset ei tilsvarande mengd eddik. Innhaldet vil boble kraftig ved utvikling av CO2.
  4. Vent til boblinga har slutta, og tøm innhaldet sakte over lysa.
  5. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.

Dette er eit veldig fint party-triks!