Forsøk
Demoforsøk: Magisk egg
Få magiske egg til å sveve og bevege seg opp og ned i ei løysing.
- to store sylindrar med plass til eit egg (store målesylindar kan fungere)
- to egg
- 400 g natriumklorid, NaCl (mengda kan tilpassast storleiken på sylinderen)
- 40 mL 6 mol/L saltsyre, HCl
- Tilset saltet til den eine sylinderen.
- Under røring, tilset vatn til sylinderen er omtrent 1/4 full. Du har no laga ei metta salt-løysing.
- Tilset forsiktig vatn langs sida av sylinderen til han er nesten full.
- Tilset vatn til den andre sylinderen til han er omtrent 1/4 full.
- Tilset saltsyra, og tilset deretter
vatn til sylinderen er nesten full. - Legg eit egg i kvar sylinder.
- I den første sylinderen vil egget synke til det treff den metta saltløysinga, og så stoppe.
- I den andre sylinderen vil egget synke til botnen, før det byrjar å stige igjen som ei følgje av som blir danna på skalet. Når alt skalet er borte vil egget synke til botnen.
- Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn
Dette er ein fin demonstrasjon av tettleik i væsker og danning av gassar.