Forsøk
Demoforsøk: Rask rusting
Sjølv om rusting er ein spontan prosess, skjer han ikkje nødvendigvis så raskt. I dette forsøket legg du forholda til rette for at rustinga kan skje på ein blunk.
- kaliumpermanganat,
- 6 mol/L saltsyre,
- stålull
- lita flaske / liten kolbe
- kork med hol
- glasrøyr/stor glaspipette
- begerglas, 250 mL
- I eit begerglas: tøm saltsyre over stålulla, sørg for at alt blir vått. Dette gjer vi for å fjerne oksidbelegg på overflata.
- Skyl så i vatn. Legg stålulla i flaska, set på korken og set i glasrøyret.
- Tilset ein spatelspiss kaliumpermanganat til begerglaset, og fyll det ca. 3/4 fullt med vatn.
- Bruk eit stativ med muffe og klemme til å stille flaska med stålull opp-ned, med glasrøyret ned i kaliumpermanganat-løysinga.
Etter kvart vil undertrykk i flaska pga. bindinga av oksygen til rust gjere at løysinga i begerglaset blir sugd inn i glasrøyret. Viss permanganat-løysinga blir soge heilt opp i flaska, vil reduserast til , som er fargelaust. - Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.
Dette kan vere en fin demonstrasjon i samband med redoks i naturfag, likevekt og syre-base i kjemi, eller berre for gøy.