Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Syrer og basar i yrket ditt

Syrer og basar er stoff vi bruker ofte, både heime og i yrka våre. Undersøk nokre stoff som er vanlege i yrket ditt, finn ut om dei er syrer eller basar, og finn ut om vi bør ta nokre forholdsreglar når vi bruker desse stoffa.
Fem gule papirremser med ulike fargar på nedste del. Frå venstre mot høgre er det lilla, mørkegrøn, lysegrøn, oransje og raud. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hensikt

Formålet med forsøket er å bli kjend med stoff som er vanlege i det yrket du utdannar deg til, undersøke om stoffa er syrer eller basar, og om de må ta nokon forholdsreglar når de bruker desse stoffa.

Tryggleik

Bruk vernebriller og labfrakk viss de jobbar med basar som natriumhydroksid (lut) og kaustisk soda. Desse finst i nokre hushaldsprodukt.

Førebuingar

  1. Vel eit stoff som du vil undersøke.

  2. Studer emballasjen. Kva faresymbol er stoffet merkt med? Kva syrer eller basar inneheld produktet?

  3. Søk opp tryggleiksdatablada til stoffa og finn ut kva forholdsreglar de må ta. For ei grundigare risikovurdering kan de bruke ein vegvisar for risikovurdering av stoff.

Ni raude kvadrat på høgkant med symbol som indikerer farar. Symbola er eksplosjon, gassflaske, skade inni kroppen, understreka flamme, understreka flamme med bokstaven o, dropar har etsande verknad på overflate og hand, daudinghovud, dødt tre og død fisk og utropsteikn. Illustrasjon.

Framgangsmåte

  1. Overfør litt av stoffet til eit reagensrøyr. Viss stoffet ikkje er løyst i vatn i utgangspunktet, tilset du litt vatn for å løyse det opp.

  2. Mål pH i løysninga ved å bruke universalindikator, pH-papir eller pH-meter. Bruk gjerne ulike målemetodar og bruk resultata for å diskutere forskjellar de observerer.
    Lær korleis du kan bruke raudkål som indikator på Naturfagsenteret.

  3. Forsøk å blande nokre av stoffa før de måler pH.

Resultat

  1. Lag ei oversikt over pH-verdien til stoffa de har undersøkt.

  2. Lag ein pH-skala og plassar stoffa der dei høyrer heime.

  3. Lag ei samla oversikt over resultata for heile klassen. Rekn ut gjennomsnitt.

Døme på tabell med resultat
produktpHsurt/basisknamn på syrer eller basar i produktet
mjølk6,7svakt surtmjølkesyre
kaffi.........
grønsåpe.........

Oppgåver

  1. Samanlikn stoffa som er basar. Finn de nokon fellestrekk?

  2. Samanlikn stoffa som er sure.

  3. Er stoff med veldig høg eller veldig låg pH-verdi farlege for oss?

  4. Kva skjer når du blandar sure stoff med basiske stoff?

  5. Kva skjer med huda vår viss ho blir utsett for syrer og basar over tid? Kva forholdsreglar kan vi ta viss vi bruker slike stoff til dagleg?

  6. Observerte de at nokon produkt var basiske sjølv om det ikkje stod oppført nokon basar på innhaldslista? Korleis kan i så fall det ha seg, trur de?

  7. Syrer og basar kan vere sterke eller svake. Er det slik at sterke syrer har låg pH, mens svake syrer har høgare pH?

  8. Du har eit begerglas med ei syre og eit anna begerglas med ein base. Syra og basen har ganske lik styrke og konsentrasjon. Korleis skal du handtere syra og basen i begerglasa viss du skal kvitte deg med det?

Relatert innhald

Syrer smaker surt, mens basar kan fjerne den sure smaken. Syrer og basar er viktige i kroppen og i kosmetikk og matvarer. Dei blir òg brukte i industrien.

Surt er ofte forbunde med noko friskt, og det er nesten så vi får ei kjensle av frysningar når vi snakkar om eller smaker noko skikkeleg surt.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2022

Læringsressursar

Stoff og materiale