Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Lag din eigen bioplast

Lag din eigen bioplast, heime eller på skulen. Undersøk eigenskapane og samanlikn bioplasten de lagar med vanleg fossilplast.

Bakgrunn – Kva er plast?

Plast er eit kunstig stoff laga ved å kople saman organiske molekyl i lange kjeder. Opphavleg har kjelda til desse organiske molekyla vore fossil olje. Dei seinare åra har det komme plast laga av råstoff frå fornybare stoff som sukkerrøyr og planteoljer, såkalla bioplast. Nokre typar bioplast kan brytast ned under gunstige forhold (til dømes høg temperatur). Andre typar bioplast kan ikkje brytast ned, men desse typane kan til gjengjeld blir gjenvunne.

Flytskjema som viser ulike typer plast. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hensikt

De skal lage bioplast med utgangspunkt i stoff frå kjøkkenet og undersøkje eigenskapane til plasten.

Tips!

  • Mengda glyserol påverkar kor elastisk plasten blir.
  • Prøv å lage plast av andre materiale enn maisstivelse.

Framgangsmåte

Lab-utstyr på bord. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Bland alle ingrediensane i eit lite begerglas. Blandinga vil vere vassen og mjølkekvit.
  2. Varm opp på ei kokeplate på nokså låg varme og rør rundt. Blandinga blir meir fargelaus og tjukkare når ho blir varma opp.
  3. Varm opp heilt til blandinga kokar.
  4. Tilset konditorfarge viss du vil ha farga plast (kan sløyfast).
  5. Hell blandinga utover eit bakepapir.
  6. Form plasten mens han framleis er varm.
  7. La plasten liggje i eit par dagar for å auke hardleiken i plasten.

Resultat

Undersøk eigenskapane til bioplasten og samanlikn med eigenskapane til andre typar plast.


Diskusjon

  • Kvifor er plasten de har laga, bioplast?
  • Kva trur de skjer med bioplast når han blir broten ned?
  • Kva er fordelene med bioplast samanlikna med fossilplast?
  • I kva tilfelle kan fossilplast vere betre enn bioplast?
  • Korleis skal plasten de har laga "kastast"? Kan han resirkulerast, trur de?
  • Diskuter påstanden "Det finst ingen plast som er berekraftig."j

Forslag til vidare arbeid

  • Prøv ut andre råstoff enn maisstivelse for å lage bioplast. Finn de nokon likskapstrekk hos stoffa som fungerer bra?
  • Legg ein plan for korleis de kan undersøkje i kva grad bioplasten dykkar er nedbrytbar. Dokumenter prosessen og presenter det de finn ut.
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale