Forsøk: Finn mikroplast i kosmetikk
![Raude partiklar på svart bakgrunn. Foto.](https://api.ndla.no/image-api/raw/QBCjNRGW.jpg?width=1024&cropStartX=100&cropEndX=0.17312332238564943&cropStartY=59.3759689171072&cropEndY=15.387152514497698)
Mikroplast har vore ein vanleg ingrediens i kosmetiske produkt. I EU blir det jobba for eit forbod mot mikroplast i kosmetikk.
Formål
Undersøk om det finst mikroplast i kosmetikk de har heime (eller kjøper inn).
Framgangsmåte
Del 1
- Ta med kosmetikk heimanfrå eller kjøp i butikken.
- Lag ei saltvassløysing med 350 g salt per liter vatn. Bruk varmt vatn. Plasten vil flyte opp i ei slik metta saltløysing.
- Ta ut omtrent 1 g frå kvart produkt og bland ut i 100 ml saltvassløysing.
- Bland godt og lat det stå i nokre minutt.
- Plastpartiklar vil flyte opp. Hell blandinga gjennom eit filter i ei trakt over i eit begerglas.
- Tørk filtera i luft eller tørkeskap.
![Forsøksoppsett med begerglas, filter, trakt, petriskål og mikroskop. Illustrasjon.](https://api.ndla.no/image-api/raw/A4XP1IXB.png?width=1024)
Del 2
- Overfør partiklar frå filtera til petriskåler.
- Bruk ei lupe med godt lys eller eit mikroskop, og leit etter plastpartiklar.
- Ta bilete med mobiltelefon gjennom okularet på lupa eller mikroskopet. Bruk zoom-funksjonen på kameraet. For å få riktig avstand når de tek bilete, kan de setje ein dorullkjerne mellom okularet og kameralinsa.
Resultat
Lag ei oversikt over plastpartiklane de finn. Bruk atlas for mikroplast hos miljolare.no for å identifisere ulike typar mikroplast.
Jobb vidare
Finn ut kvifor dei som lagar kosmetikk, bruker mikroplast i enkelte produkt. Kan mikroplasten erstattast av andre ingrediensar?
Kjelder
Framtiden i våre hender (2020, 12. februar). Den mest miljøvennlige kosmetikken. Henta 18. mars 2020 frå https://www.framtiden.no/gronne-tips/fritid/den-mest-miljovennlige-kosmetikken.html
Miljølære.no (2019). Jakten på mikroplasten. Henta 17. mars 2020 frå https://www.miljolare.no/aktiviteter/mikroplast/
Naturvernforbundet (u.å.). Jakten på mikroplastpartiklene. Henta 17. mars 2020 frå https://naturvernforbundet.no/jakten-pa-mikroplast-partiklene/