Hopp til innhald

Fagstoff

pH

pH er eit mål på kor sur ei løysning er. Når vi måler pH i ei løysning, får vi ein pH-verdi som vi kan bruke til å samanlikne surleiken i ulike løysningar. Løysningar med pH lågare enn 7 er sure, mens løysningar med pH over 7 er basiske.
Begerglas med væske i ulike fargar står på rekke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

pH og pH-skalaen

pH er eit mål på kor sur eller basisk ei løysning er. Vi kan avgjere kor sure eller basiske løysningar er, ved å bruke pH-skalaen:

  • Ei løysning med pH-verdi under 7 er sur.

  • Ei løysning med pH-verdi lik 7 er nøytral.

  • Ei løysning med pH-verdi over 7 er basisk.

pH-skalaen går frå 0 til 14, men det finst òg stoff med ein pH-verdi som ligg utanfor denne skalaen.

Skala som viser pH-verdier frå 0 til 14, der 0 er det suraste og 14 er det mest basiske. Ulike stoff er plasserte langs skalaen.  Verdien 7 svarer til nøytralt. Det suraste stoffet er saltsyre, deretter kjem Cola, vin og mineralvatn som er gradvis mindre sure. Blod er nøytralt. Vidare er såpe og vaskemiddel basisk, mens lut er svært basisk. Havvatn i år 1870 er plassert som svakt basisk, og havvatn i år 2100  er nøytralt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å måle pH

Vi kan måle pH i ei løysning ved å bruke eit pH-papir. Eit pH-papir er innsett med ulike fargestoff/indikatorar som forandrar farge ut frå konsentrasjonen av syre og base. Viss vi treng meir nøyaktige pH-mål, må vi bruke eit pH-meter.

Ein person med eingongshanskar held ein strimmel over eit ark med ei rekke firkantar i ulike fargar. I bakgrunnen er den ein behaldar med tjukk, brun væske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sur løysning – syre løyst i vatn

Når ei syre, til dømes saltsyre (HCl), blir løyst i vatn, gir ho frå seg hydrogenion, H+. Det er H+-iona som gjer at løysninga blir sur:

HClH+ + Cl-

Basisk løysning – base løyst i vatn

Når ein base, til dømes ammoniakk (NH3), blir løyst i vatn, kan ammoniakk ta H+ frå vatn. Det blir danna OH--ion som gjer løysninga basisk:

NH3+H2ONH4++OH-

Øv deg på å måle pH

No skal du øver deg på å måle pH i ulike løysningar.

Tilgjengelegheit

Desse oppgåvene kan vere vanskelege å gjennomføre for personar med synshemming. Dei er ikkje nødvendige for å dekke kompetansemåla i dette emnet. Kompetansemåla blir dekte gjennom arbeid med dei andre ressursane.

  1. Vel væske i nedtrekkmenyen.

  2. Trekk sensoren over i væska, og les av pH-verdien i displayet.

  3. Du kan tilsetje vatn med krana over behaldaren og tappe ut væske med krana i botnen av behaldaren.

  4. Bruk simuleringa over til å måle pH-verdien til ulike væsker. Dra og slepp væska til rett stad på pH-skalaen i oppgåva under.

Kjelder

Pedersen, B. (2023, 20. januar). pH. I Store norske leksikon. https://snl.no/ph

S. P. L. Sørensen. (2023, 18. mars). I Wikipedia. https://en.wikipedia.org/wiki/S._P._L._S%C3%B8rensen

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2023

Læringsressursar

Stoff og materiale