Hopp til innhald

Fagstoff

Blod og blodårer

Vi har blodårer overalt i kroppen. Blodårene er viktige for transport, kommunikasjon og for at blodet heile tida skal vere formålstenleg fordelt til organ og kroppsdelar. Kvar einaste celle i kroppen din er avhengig av å vere nær ei blodåre, slik at ho kan ta imot og kvitte seg med stoff og varme.
Nettverk av tynne blodårer med synlige røde blodlegemer. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arteriar

Tverrsnitt av to blodårer. Mikroskopbilde.

Den største arterien går ut frå hjartet og blir kalla aorta. Aorta har tjukke, muskuløse vegger, slik at han skal tole og halde oppe det høge trykket blodet har på veg ut av hjartet. Dette trykket blir kalla .

Hjerte  og aorta

Aorta greinar seg heile tida til mindre og mindre arteriar. I veggene i arteriane er det elastisk bindevev og glatt muskulatur. Det elastiske vevet gjer at arteriane utvidar seg når hjartet trekkjer seg saman.

Trykkbølgjene som blir danna i arteriane når høgre hjartekammer trekkjer seg saman, kallar vi puls. Arteriane trekkjer seg deretter passivt saman når hjartet slappar av, og pressar blodet vidare over i arteriolane. Arteriolar er arteriar som leier blodet inn til organa. Dei har mykje glatt muskulatur og kan derfor regulere blodgjennomstrøyminga i dei forskjellige organa.

Kapillærårene og utveksling av stoff

Tegning av lungeblærer og kapillærer. Illustrasjon.

Arteriolane greinar seg til ørsmå kapillærårer med tynne årevegger. Det er mange milliardar kapillærårer i kroppen, og kvart enkelt kapillar har ein diameter omtrent på storleik med ei enkelt raud blodcelle (cirka 0,001 mm).

Kapillærveggen er sett saman av berre eitt cellelag og er derfor godt eigna til utveksling av næringsstoff, gassar og avfallsstoff mellom blodet og cellene. Blodet flyt svært langsamt gjennom kapillærårene, og avstanden mellom ei celle og nærmaste kapillæråre er kort. Dette gjer at det kan gå føre seg ei omfattande stoffutveksling mellom kapillærårene og cellene ved diffusjon.

Venane

Tegning av blodåre og muskler.

Blodet strøymer frå kapillærårene over i venolar (små venar) og blir vidare samla i dei større venane. Blodtrykket i venane er lågt samanlikna med det i arteriane, men høgt nok til at blodet strøymer tilbake til hjartet.

Bruk av beinmuskulaturen aukar blodtrykket i venane og lettar dermed blodet si tilbakestrøyming til hjartet. Dette blir kalla . Klaffar i venane i armar og bein syter for at blodet strøymer i riktig retning – mot hjartet.

Blodet

Blodet verkar einsarta når det dryp frå eit sår. Undersøkjer vi det nærmare, ser vi at det er sett saman av ulike celler som flyt i ei væske som blir kalla blodplasma. Blodet har tre typar celler, som alle har ulike oppgåver: raude blodceller, kvite blodceller og blodplater.

Raude blodceller (erytrocyttar)

Dei raude blodcellene utgjer nesten halvparten av blodvolumet og transporterer oksygen frå lungene til cellene. Inne i dei raude blodcellene er det hemoglobinmolekyl. Kvart hemoglobinmolekyl har fire jernatom, og kvart jernatom bind eitt oksygenmolekyl. Det er hemoglobinet som gir blodet den raude fargen.

Kvite blodceller (leukocyttar)

Sentrifugerør med innholdet delt i tre sjikt.

Dei kvite blodcellene er ein viktig del av immunforsvaret til kroppen. Det finst fleire typar kvite blodceller, som alle har til oppgåve å kjempe mot bakteriar, virus, sopp eller parasittar som har komme inn i kroppen.

Blodplater (trombocyttar)

Blodplatene medverkar til å stanse blødingar. Dei fester seg til den skadde blodåreveggen og dannar sambindingar som gjer at fleire blodplater klistrar seg saman til ein plugg. I tillegg blir det danna eit nettverk av fibrintrådar som gjer at blodcellene klumpar seg saman (koagulerer). Koaguleringa av blodcellene forsterkar pluggen.

Blodplasma

Blodplasma utgjer litt meir enn halvparten av det totale blodvolumet og er det som er igjen når blodcellene er fjerna. Blodplasma består av vatn og oppløyste stoff, som næringsstoff, avfallsstoff, ion, hormon og fibrinogen. Fibrinogen verkar saman med blodplatene og stoppar blødingar.

CC BY-SASkrive av Tone Pedersen Rangul.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale